Viktig melding

Lukk meldinga

God sommar!

🏖️ Sommaraktivitetar i Hå  🕗Opningstider   🗺️ Turistinfo

 

Visuell identitet

6 Malar (inkludert e-postsignatur)

Designmaskinen: Plakatar, flyers, brosjyrar, visittkort og andre trykksaker

Nå kan du enkelt laga flotte plakatar, flyers, brosjyrar og andre trykksaker i Hå kommune sine fargar og former i eit kult verktøy som heiter Designmaskinen.. 

Her finn du Designmaskinen

Sånn funkar designmaskinen:

  1. Velg format og mal som passar til det du skal laga
  2. Rediger mal ved å endra tekst, bilde og fargar
  3. Det er begrensa med plass til tekst, så skriv kort og godt
  4. Eksporter dokumentet
  5. Skriv ut, send til trykkeri eller publiser
  6. Ver stolt av deg sjølv – du er nå ein designar!

 

Innlogging

  1. Gå til designmaskinen her: https://app.designmaskinen.com/
  2. Velg “Fortsett med Microsoft” 
  3. Logg deg inn med full jobbmailen din og passordet du brukar for å logga inn på PCen din.
  4. Følg oppskrifta du får. Det kan henda du må lasta ned appen "Microsoft Authenticator" for sikker pålogging.
  5. Ta kontakt med IT på it@ha.kommune.no dersom du strevar med innlogging.

 

Utskrift

Du kan skriva ut plakatar og flyers sjølv eller bestilla frå trykkeri. Me har ikkje ei avdeling i kommunen som printar ut for deg. Innstillingar for utskrift kan variera frå printer til printer, men her er nokre gode råd.

A5 flyer

Bruk Adobe Acrobat Reader til å skriva ut. For å få skriva ut A5-flyer på to sider, må du velja Skriv ut / Sideskalering og håndtering -> Hefte. Då kjem utskrifta i korrekt storleik og på begge sider av arket. Så må du dela arket i to med papirkuttar/saks. 

Dobbeltsjekk at du har aktivert fargeutskrift:

  • Konica Minolta: Egenskaper / Min kategori / Velg farge -> Fullfarge
  • Canon: Egenskaper / Grunninnstillinger / Fargemodus -> Automatisk

 

Spørsmål om Designmaskinen

Har du spørsmål om designmaskinen eller ønske om nye malar? Ta kontakt på profil@ha.kommune.no. 

 

Officemalar (Powerpoint, Word og Excel)

Malane for Word, PowerPoint og Excel, er malar til bruk for alle tilsette i kommunen. Her finn du tips til korleis du kan bruka dei, og lenker til nedlasting. Men du kan også finna malane under fana “delt” når du opnar Word, Powerpoint eller Exel på skrivebordet ditt og skal laga eit nytt dokument, ein ny presentasjon eller eit nytt rekneark. 

Mal for presentasjonar (Powerpoint)

Bruk PowerPoint-malen vår for å laga visuelt flotte presentasjoner. 

Malen inkluderer oppsett for:

  • Framsider
  • Agendaside
  • Kapittelsider
  • Tekst- og bildesider
  • Sitatsider
  • Pausebilde
  • Avslutningsside med animasjon

 

Du finn dei ulike oppsetta under fana “Sett inn” og nedtrekksmenyen “Lysbilder/Nytt lysbilde”.

Last ned presentasjonsmalen her (POTX, 5 MB)

Sideoppsett og tips om bruk

Framsider og kapittelsider med og utan bilde

Dersom du har ein liten presentasjon, treng du ikkje bruka kapittelsider. Men dersom presentasjonen er lang, kan det vera fornuftig å dela opp i kapittel. Kapittelsidene har litt mindre skriftstørrelse enn framsidene.

Innhaldssider med tekst, bilde, grafar og tabellar

  • Skriv kort og bruk gjerne punktlister.
  • Velg kvit bakgrunn dersom du har tabellar eller grafar. 
  • Du kan endra fargar på grafar ved å klikka på grafen og velga malingsspannet.

 

 

Sitatsider og spesialsider

  • Agendasida er den einaste sida du ikkje kan setta inn sjølv. Den ligg i presentasjonen når du opnar malen, men finst ikkje i nedtrekksmenyen.
  • Det finst sider med to eller fire tilsette. Desse kan du også bruka kreativt til andre formål dersom du har noko du vil ramsa opp
  • Bryt opp presentasjonen din med sitatsider. Det treng ikkje vera eit sitat, men kan vera eit slagord eller eit enkelt budskap.

 

Mal for planar og rapportar (Powerpoint)

Me har tradisjonar for å skriva lange planar i word, men det går fint an å skriva planar i powerpoint også. Her har du sjansen for å skriva kort og presentera planen med eit lettare uttrykk enn i eit worddokument.  

Malen inkluderer oppsett for:

  • Framsider
  • Kapittelsider
  • Innhaldsliste
  • Tekst- og bildesider
  • Sitatsider
  • Sider med logo og visjon


Du finn dei ulike oppsetta under fana “Sett inn” og nedtrekksmenyen “Lysbilder/Nytt lysbilde”.

Me anbefaler å skriva rett inn i Powerpoint slik at du tilpasser lengden til dokumentet. Ikkje skriv først i word og så kopier inn. Dersom du har ein gamal plan i word du skal revidera- eller har veldig mykje tekst du må ha med, bør du heller velga wordmalen.  

Last ned mal for planar og rapportar (POTX, 5 MB)

Sideoppsett og tips om bruk

Slik kan sidene sjå ut:

 

Tips:

  • Skriv kort og godt.
  • Innhaldslistene må lagast manuelt
  • Velg sider med kvit bakgrunn dersom du har tabellar eller grafar. 
  • Du kan endra fargar på grafar ved å klikka på grafen og velga malingsspannet.
  • Bryt opp dokumentet ditt med sitatsider.Det treng ikkje vera eit sitat, men kan vera eit slagord eller eit enkelt budskap. Poenget er at det gjer dokumentet lettare og mindre teksttungt dersom du har litt korte sider innimellom.
  • Sett inn ei side med visjon midt i dokumentet ein plass, og avslutt med ei logoside.

Universell utforming

Alle slides bør ha ein tittel. Derfor er det plassert tittel-boksar utanfor sjølve sliden dersom ein slide ikkje har tittel som ein del av sitt visuelle element. Fyll ut desse tittelboksane slik at skjermlesarar kan formidla innhald på ein effektiv måte.

Sjekk også ut Microsoft sin eigen guide om UU i powerpoint her.
 

Mal for planar og rapportar (Word)

Bruk denne malen dersom du har behov for framside, innhaldsliste, fleire kapittel, lange tabellar eller mykje tekst. 

Start planen eller dokumentet ditt med ei side du kallar «Kort fortalt». Dette er ei oppsummering over det aller viktigaste med planen.  Bruk enkelt språk og tenk på at lesaren ikkje har same fagkunnskap som deg. Få gjerne ein språkvenn i organisasjonen eller kunstig intelligens til å hjelpa deg med å laga denne introen. Spør om hjelp til å skriva ein introduksjon som oppsummerer innhaldet og gir lesaren lyst til å lesa resten av planen.

Kort fortalt skal ikkje vera lenger enn ei halv side med tekst. Teksten skal inspirera til vidare lesing. Kort fortalt er ein betre introduksjon til ein kort plan eller dokument enn ei innhaldsliste. Ei innhaldsliste gir eit inntrykk av at det kjem ein tung og lang plan. Kort fortalt gir inntrykk av at du har ein gjennomarbeida tekst i vente som skal vera enkel å forstå.  Bruk innhaldsliste om du har ein lang plan med mange kapittel.

Sidene kan sjå slik ut:

 

Tips: 

For å setta inn bilde i steinformene eller steinformer med tekst klikkar du på på “sett inn” og så “hurtigdeler”.  I nedtrekksmenyen får du opp val for å setta inn bilde i steinformer eller steinformer med tekst. 

 

Last ned wordmalen her (DOTM, 201 kB)

Mal for enkle dokument (Word)

Den enkle Word-malen med logo er fin å bruka til korte rettleiingar, referat, pressemeldingar og liknande innhald på ei eller få sider.  For lengre dokument med behov for framside, innhaldsliste og fleire kapittel, bør du heller bruka rapportmalen.

Tips: 

For å setta inn bilde i steinformene eller steinformer med tekst klikkar du på på “sett inn” og så “hurtigdeler”.  I nedtrekksmenyen får du opp val for å setta inn bilde i steinformer eller steinformer med tekst. 

 

Last ned dokumentmalen her (DOTM, 193 kB)

Mal for brev (Word)
Mal for rekneark (Excel)

Bruk denne malen for å få Hå kommune sine fargar og font på reknearket.

Last ned mal for Excel (XLTX, 13 kB)

 

 

E-postsignatur

Omtrent slik skal signaturen din sjå ut:

Merk deg:

  • Du skal bruka fonten Arial 10 på teksten, og denne bildefila med logoen til Hå kommune (PNG, 10 kB).
  • Det skal vera mellomrom etter «Med venleg helsing», etter tittelen din og før og etter bildefila med kommunevåpenet.
  • Hugs å ta med «Me løfter i lag» etter at du har limt inn bildefila med logo.
  • Hugs at telefonnummeret ditt skal skrivast med to og to siffer.
Mal-tekst

Her er ein mal-tekst du kan kopiera (hugs å endra teksten til Arial 10):

Med venleg helsing

Namnet ditt i feit skrift
Stillingstittelen din

Telefon: XX XX XX XX
www.ha.no

<fjern denne teksten og set inn logoen som bildefil, med linjeskift både før og etter. Hugs å ta med «Me løfter i lag» i tillegg til bildefila>

Me løfter i lag

Oppsett i Outlook 2016/2019
  • Skriv ein ny e-post.
  • I menyen oppe klikkar du på «Signatur» (til høgre for «Legg ved fil» og «Legg ved element», og så «Signaturer» (det nedste valet).
  • Endra på signaturen du allereie har, eller opprett ein ny.
  • Namnet ditt og Me løfter i lag skal vera i bold/feit skrift (IKKJE Arial Black).
  • Om du ønsker det, kan du laga ein signatur på nynorsk og ein på bokmål. Til høgre i signatur-menyen kan du velja kva signatur som skal vera standard på nye meldingar og svar/vidaresendingar.
  • Trykk på «OK» når du er ferdig.
Oppsett i webmail (www.ha.no/epost)
  • Trykk på verktøysymbolet/tannhjulet oppe til høgre og vel «Alternativer».
  • Under E-post og E-postsignatur, skriv inn ny signatur på same måte som i «vanleg» Outlook.
  • Trykk på «Lagre» når du er ferdig.
  • NB! I webmailen kan du berre ha éin signatur.
Oppsett i Gmail (for skuletilsette)
  • Trykk på verktøysymbolet/tannhjulet oppe til høgre og vel «Se alle innstillinger».
  • Under Generelt og Signatur, endra på signaturen du allereie har, eller opprett ein ny.
  • Namnet ditt og Me løfter i lag skal vera i bold/feit skrift.
  • Gmail har ikkje fonten Arial, så bruk Sans Serif i storleik «Normal».
  • Trykk på «Lagre endringer» når du er ferdig.
Teams-bakgrunn

Me har laga to variantar som du kan ha som bakgrunn i Teams:

Teams-bakgrunnar
Tittel Publisert Type
Teams-bakgrunn Steingard Himmel

Teams-bakgrunn, lyseblå med steinformer

14.02.2024 Filtype: jpg. Klikk for å laste ned Teams-bakgrunn Steingard Himmel.jpg
Teams-bakgrunn Brusand strand

Teams-bakgrunn, Brusand strand

14.02.2024 Filtype: jpg. Klikk for å laste ned Teams-bakgrunn Brusand strand.jpg

Slik endrar du bakgrunn i Teams:

  • Last ned bildefila/bildefilene du vil ha.
  • Du kan aktivera bakgrunn før du startar samtale/møte i Teams: Effekter og Avatarer → Videoeffekter → Flere videoeffekter → Legg til ny → Last opp fila du vil bruka.
  • Eller så kan du aktivera bakgrunn etter at samtale/møte har starta: Dei tre prikkane heilt oppe (Flere handlinger) → Effekter og avatarer → Videoeffekter → Flere videoeffekter → Legg til ny → Last opp fila du vil bruka → Bruk.

PS! Når du ser bakgrunnen du har valt på eigen maskin, så ser den spegelvendt ut. Men det er ikkje feil. Den vil vera rett for dei andre du er i møte med.

Talekort

Dersom du skal ha ein tale eller presentasjon, kan du printa ut manuset ditt og lima det på baksida av desse talekorta.

Last ned mal for talekort  (PDF, 97 kB)

Infoskjerm

Nye malar for infoskjerm kjem i løpet av 2024.