Ungdomsrådet

Er du samfunnsengasjert og ønsker å påvirke korleis det er å bu og leva for barn og unge i Hå kommune? Då bør du melde di interesse for å bli med i ungdomsrådet i Hå!

Ungdomsrådet har 7 møte i året der ein diskuterer saker som har betydning for barn og unge i kommunen, og får koma med uttale i saker som skal til behandling i kommunestyret.

Ungdomsrådet skal fremma dei unge sine interesser og skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen i saker som i særleg grad gjeld ungdom.

Ungdomsrådet er sett saman av 15 faste representantar i alderen 13–19 år og kan uttala seg i mellom anna:

  • saker som skal til politisk behandling og handlar om barn og unge eller har konsekvensar for desse
  • saker etter eige initiativ som gjelder barn og unge
  • gjennomføring av eigne arrangement av eige budsjett

 

Leiar: Thilde Skretting

Nestleiar: Avona Sofie Haugen

Ungdomsrådet finn du på Instagram @uraahaa