Faktura for kommunale eigedomsavgifter vert sendt ut i desse dagar. Treng du å be om utsetting av betalinga, gjer det her:
Hå kommune fordeler ikkje kommunale avgifter ved eigarskifte
Hå kommune fordeler ikkje kommunale avgifter ved eigarskifte.
Fordeling av avgiftene er eit oppgjer mellom kjøpar og seljar. Dette blir vanlegvis handtert av eigedomsmeklar i samband med eigarskiftet.
Dela opp fakturaen?
Me får mange spørsmål, så me rår deg til å senda spørsmålet ditt om å dela opp fakturaen på e-post. Hugs å legga inn telefonnummeret ditt. Me svarar deg så fort me kan.
E-post: regnskap@ha.kommune.no
Kommunale avgifter
Dei årlege kommunale eigedomsavgiftene består av gebyr for feiing og branntilsyn, renovasjon, vatn og kloakk. Det er ikkje eigedomsskatt på privat eigedom i Hå kommune.
Gebyra vert fakturert to gonger i året. Betalingsfristane er 1. april og 1. oktober.
Du betalar eit årleg gebyr for feiing og branntilsyn, sjølv om du ikkje har besøk av feiaren kvart år.
Barnehage og SFO
Barnehage og SFO vert fakturert kvar månad utanom juli, med forfall den 20. kvar månad.
Kulturskulen
Kulturskulen vert fakturert kvart halvår.
Helse- og omsorgstenester
Helse- og omsorgstenester vert fakturert etterskotsvis kvar månad, med forfall den 20.
Betaling
Du kan betala faktura frå Hå kommune med eFaktura og avtalegiro.
eFaktura:
Vel «Ja takk til alle» i nettbanken for å få eFaktura automatisk frå Hå kommune og andre du har kundeforhold til.
Avtalegiro:
Rekninga vert betalt automatisk på forfallsdato. Du opprettar avtalegiro i nettbanken eller ved å kontakta banken din. Hå kommune kan ikkje gjera dette for deg.
Innfordring og inkasso
Hå kommune brukar Intrum til innfordring og inkasso av kommunale krav.
Har du fått betalingsoppfordring fra Intrum, skal du kontakta Intrum direkte.
Kontakt Intrum
Ta kontakt med kundesenteret på 23 21 10 00 eller logg inn her.