Kultur og fritid i Hå kommune

Dei mest profilerte offentlege kulturanlegga i Hå kommune er kunst- og kulturinstitusjonen Hå gamle prestegard, det freda Obrestad fyr og det interkommunale Jærmuseet med Vitengarden. Friluftsfyret Kvassheim ligg også i Hå. Ved fyret ligg museumsbygget for «giggen» frå det forliste russiske linjeskipet «Ingermanland». På Varhaug finn ein kultursenteret Lensmannsløa.

Det er mogleg å leie seg inn på fyra, Hå gamle prestegard og Lensmannsløa.

Det er ei rekke fortidsminne i kommunen, særleg frå jernalder og folkevandringstid.  Hå kommune har kulturminnevernplan. Kommunen har også fått si eiga kulturhistorie,  4 rikt illustrerte bind.

I Hå kulturtorg på Nærbø finn du Hå kulturskule og Fritid, som organiserer ei rekke fritidsaktivitetar som ungdomsklubbar, ungdomsråd, frivilligsentral (Jadarvegen 5), seniorkafé, samt tilrettelagt fritid.

I Hå kommune finn ein hovudbiblioteket på Nærbø. I tillegg er det filialar på Høyland, Varhaug, Vigrestad og Ogna. Dette er kombinasjonsbibliotek, lokalisert i skulane. Hå folkebibliotek driv også biblioteket i Åna fengsel.

I Hå kommune er det eit sterkt engasjement for lokalmiljøet. Dette kjem særleg til uttrykk ved frivillig lags- og organisasjonsarbeid (PDF, 2 MB). Ikkje minst ser ein det i store, moderne anlegg som misjonshus, leirplassar og idrettsanalegg. Også mindre, særskilde interesser har sine organiserte tiltak i eit allsidig, breitt tilbod.

Symjehallane ved Nærbø ungdomsskule og Vigrestad storskule har opningstider for offentleg bruk. Det same har terapibassenget Stampen.

Velkommen til eit mangfald av kulturopplevingar i Hå! For dei ulike arrangementa i regi av Kulturscena i Hå - sjå programmet På terskelen til morgonhuset (PDF, 753 kB)

Sist endra 02.02.2017
Fann du det du leita etter?