Hå kommune byr på høg himmel, mektig hav, vakre strender og levande landbruk. Her finn du fleire kulturskattar, spennande museum og flotte turmål.
Her er nokre av våre mest populære attraksjonar:
- Hå gamle prestegard
- Vitengarden
- Obrestad fyr
- Friluftsfyret Kvassheim
- Grødalandstunet
- Varhaug gamle kyrkjegard
- Madland hamn
- Hitlertennene
- Nærbøparken
- Sørehå
Nasjonal turistveg Jæren, Nordsjøvegen, Kongevegen, Jærruta og Kystpilegrimsleden går gjennom Hå kommune.
Obrestad fyr er ein ikonisk plass i Hå. Her går det også an å overnatta i husa rundt fyret. Det er Hå kommune som eig Obrestad fyr. Fyrmuseet og bygningane blir drifta av Hå gamle prestegard.
Matfatet på Jæren
Hå kommune er Norges største husdyrkommune og kjent som eit viktig område i Norge for matproduksjon. Kommunen har sterke tradisjonar som industribygd der mykje av industrien tradisjonelt har vore knytta til jordbruket. I Hå finn du også Kviamarka, som er Norges største samla næringsområde for foredling av mat.
Kviamarka næringsmiddelpark er Noregs største samla næringsområde for foredling av mat. Det er i dag etablert fleire store aktørar innan matforedling i Kviamarka - som mellom anna Tine, Nortura, Prima Jæren, Den Stolte Hane og Miljøgartneriet. Samhandling mellom bedriftene gjer området til eit effektivt og miljøfokusert næringsområde.
Tine
Stasjonsbyar og tettstader
Hå kommune har seks togstopp med seks stasjonsbyar langs Jærbanen: Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Brusand, Ogna og Sirevåg. Rådhuset er på Varhaug, Nærbø er den største tettstaden og Stokkalandsmarka er Hå kommune sitt satsingsområde for utbygging i framtida.
Hå har seks togstasjonar. Tre av dei har gåavstand til stranda.Organisasjon
Hå kommune blei slått saman av dei tre kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna i 1964. Kommunevåpenet er ein sølvfarga steinbukk på svart bakgrunn. Hå kommune er den største arbeidsplassen i lokalsamfunnet og har cirka 1700 tilsette.