Innbyggarservice
Innbyggarservice svarar på spørsmål om kommunen sine tenester.
Innbyggarservice er kommunens sentrale servicetorg og ansikt utad. Senteret har blant anna ansvar for hovudsentralbordet til Hå kommune.
Har du spørsmål om tenester i Hå kommune? Innbyggarservice kan hjelpa deg i publikumsmottaket i rådhuset på Varhaug, på telefon, e-post og digitale skjema. I dei sakene kor innbyggarservice ikkje kan hjelpa, vil dei visa deg vidare til rett person/avdeling i kommunen.
Hå kommune (innbyggarservice, bibliotek osv.) kan ikkje signera skjøter, framtidsfullmakt, testament og leveattestar. Grunnen er at dei tilsette ikkje kjenner bakgrunn og omfattande dokument i prosessen, og kan dermed ikkje gå god for det som skal signerast. Rådet til deg som treng signatur på framtidsfullmakt, er å bruka nettverket ditt.
Treng du eit stempel eller signatur frå det offentlege, bør du ta kontakt med tingretten. Her kan du bestilla tid i Sør-rogaland tingrett.