Tall Ships Races-fest i Sirevåg i 2019

Klikk for stort bilete

Vi inviterer til en ny festdag i Sirevåg 18. juli!

Hald av 18. juli, her blir det skutefest i Sirevåg i kjent stil!

Stikkord er liv og røre, lokale utstillarar og lokal mat, sjørøvarkai og aktivitetar for heile familien.

Skutene:

Sjå full oversikt over alle skutene her!

Så langt har mellom anna alle dei tre store norske (Sørlandet, Christian Radich og Statsraad Lehmkuhl), "sjørøverskuta" Shtandart, tyske Grossherzogin Elisabeth, nederlandske Morgenster, Skonnerten Jylland og danske LOA sagt at dei vil returnere til Sirevåg. Me arbeider med å få inn enda fleire skuter til ein "pitstop" på ruta mellom Fredrikstad og Bergen i årets Tall Ships Races. 

Følg skutene live på kart her! (Velg cruise in company)

Program

12.00 - 19.00 MARKNADSGATA er open 
HAMNELANGS - aktivitetar for små og store i hamna
JÆRBELGEN spelar gjennom dagen 
12.00 – 16.00 SJØRØVERKAIEN er open
12.00 SJØRØVARFRAMSYNING på scenen
14.00 – 14.20 ALLSONG PÅ KAIEN (Last ned songhefte her (PDF, 2 MB))
16.00 SJØRØVARFRAMSYNING på scenen 
17.00 – 18.00 ALLSONG PÅ KAIEN (Last ned songhefte her (PDF, 2 MB))
18.00 – 23.00 PUB på Christian Radich og Shtandart
19.00 – 20.00 TØNES spelar på Statsraad Lehmkuhl (dørene blir opna kl 18.30)
Konserten er utselt.
  Villa Camilla, Vågen B&B og Sirevåg konferansehotell har og servering gjennom dagen.

 

Klikk for stort bilete

Adkomst: Vi anbefaler alle å ta toget. Bruker du bil? Følg skilting og anvisninger fra de frivillige parkeringsvaktene. Parkering koster 100,- og bobilparkering koster 250,- ink. strøm. (betales til VIPPS: 128573 (husk å trykk "kjøp og betal" - lilla knapp. Ikke "send penger)

Har du ikke VIPPS kan du betale parkeringen i teltet til Sirevåg Velforening.

Fakta om Tall ships Races 2019

Klikk for stort bileteI år er det Fredrikstad og Bergen som samarbeider om det såkalla "Cruise-in-company"-strekket.  På dette strekket er det ikkje regatta, og enkelte skuter besøker gjestehamner på spesialarrangement på veg til Bergen. Sirevåg er ei slik hamn, og her blir det liv! Ekstra kjekt er det at alle dei tre store norske skutene samler seg i Sirevåg for å delta på folkefesten. 

Les om alle deltakande skuter på Tall Ships Bergen sine nettsider.

Hå kommune har i samarbeid med kommunane Eigersund, Bjerkreim og Randaberg og lokalt næringsliv eit regionalt medseilerprosjekt for ungdom.

Desse bedriftane og organisasjonane sponsar medseglarprosjektet: B & G Jæren, Archer Oiltools, Årdal Maskinering, Haaland Tynnplate, Haugseng R. Trading, JTR Gruppen, Byggmester Lervik, Bennett Ferie Bryne, Simplicity, Jæren Gulv, Reime og Lode, Secant, Bergen Sea Trade, Pelagia, Ogna installasjon, Egersund Group, B & G, Hellvik hus, Advokat Stokkeland, Navico, Navtor, Pizzabakeren Egersund, Verksted klubben på Aker, Dalane fagforening (Fellesforbundet), Norsk Vind Energi, Egersund sjømannsforening, Lions Club Egersund, og Randaberg Group.

Totalt 22 medseglarar skal på segltrening med Christian Radich, Statsraad Lehmkuhl og Sørlandet, på strekket Fredrikstad-Sirevåg-Bergen i tidsrommet 13.-21. juli. (Les meir om å bli medseglar her!)
Ungdommane sjølve betalar kr 3500 i eigenandel, og resten blir betalt av ungdommen sin heimkommune og ein sponsor. Då er reise til Fredrikstad, retur frå Bergen og alle måltid inkludert.

Dei 4 offisielle hovudhamnene i Tall Ships Races 2019 er:

  • Aalborg (Danmark): onsdag 3. - laurdag 6. juli (regatta til neste hamn)
  • Fredrikstad (Norge): torsdag 11. - søndag 14. juli (Cruise in Company til neste hamn)
  • Bergen (Norge) søndag 21. - torsdag 24. juli (regatta til neste hamn)
  • Aarhus (Danmark): torsdag 1. - søndag 4. august

Kva er Tall Ships Races?

The Tall Ships' Races er ein internasjonal seglregatta for store seglskip. Målet er å stimulere til internasjonalt vennskap og seglopplæring for ungdom. Regattaen blir arrangert årlig mellom ulike byar i Europa og inneheld to konkurranseetappar og ein vennskapsetappe – Cruise in Company. For at eit skute skal kunne delta må minst halvparten av mannskapet vere mellom 15 og 25 år. Arrangementet blir administrert av Sail Training International (STI) som har hovudkontor i Portsmouth, England. STI er registrert som ein ideell organisasjon med medlemmar over hele verda.

Eit av hovudmåla til STI er å utvikle og utdanne ungdom mellom 15-25 år gjennom segltrening, uavhengig av nasjonalitet, kultur, religion, kjønn eller sosial bakgrunn.

Fann du det du leita etter?