Eigenberedskap, jod og tilfluktsrom
Slik klarer du deg i ei krise
Norge er eit land som for dei fleste er trygt og godt, men likevel kan det oppstå kriser som kan koma overraskande på oss alle. I ei krise er det mange som treng hjelp. Dersom ein stor del av innbyggarane i ein kommune er i stand til å ta vare på seg sjølv, kan offentlege ressursar settast inn der behovet er størst.
Jodtablettar
Mange spør oss om jodtabletter. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite sannsynleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra heime, og hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar seglar langs norskekysten.
DSA anbefaler at kommunen har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Hå kommune har eit lager med jodtablettar.
Jodtablettar skal kun nyttast dersom beredskapsmyndigheter gir beskjed om det.
Du kan lesa meir om bruk av jodtablettar ved atomulukker på nettsidene til Direktoratet for stråling og atomsikkerhet (DSA)
Tilfluktsrom
I Hå kommune er det berre private tilfluktsrom. Dette er tilfluktsrom som er bygde og dimensjonerte for å kunna gi vern for personane som normalt oppheld seg på eigedommen der tilfluktsrommet er. Det er Sivilforsvaret som har ansvar for tilsyn av tilfluktsrom.
Dei offentlege tilfluktsromma i Norge er i hovudsak lokalisert i befolkningstette strøk på grunn av at risikoen for å bli ramma av eit angrep utanfor dei store byane blir rekna som svært liten. Tilfluktsromma er heller ikkje laga for opphald over lenger tid. Innbyggarar i Hå vil med andre ord mest sannsynleg kunna rekna seg som tryggare om dei blir der dei er, heller enn å oppsøka tettare befolka område.
Sjå nettsidene til Sivilforsvaret for meir informasjon.