Arrangement på kommunal grunn

Både bedrifter og privatpersonar kan søka om å bruka kommunalt areal i Hå kommune.

Når må du søka om å bruka areal?

Du må søka om å bruka areal av kommunen viss du på offentleg grunn skal ha

  • arrangement
  • konsert/festival
  • demonstrasjon/markering
  • løp eller ritt
  • filminnspeling/fotografering
  • uteservering
  • vareutstilling/stand
  • salsplass
  • Anna bruk av kommunal veg eller areal

Kva må du legga ved søknaden?

Du må legga ved eit kart eller ei skisse der du har markert ønska areal. Andre vedlegg til søknaden varierer frå kor du skal vera og kva du skal bruka arealet til.

Når får du svar?

Alle søknadar blir behandla så fort som mogleg. 

Ved store arrangement 

Alkoholservering

Skal du skjenka alkohol på arrangementet, må du hugsa å søka om skjenkeløyve.

Arrangement langs fylkesveg eller riksveg

Her finn du meir informasjon korleis du går fram dersom du skal ha arrangement på eller langs fylkes-/riksveg.