TryggleiksalarmTryggleiksalarm er ein alarm som eldre, funksjonshemma og sjuke ber på seg for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar heile døgnet.Det kostar kr. 300,- pr. månad å ha tryggleiksalarm. I tillegg må du betala for installering, dette kostar kr. 540,-.Tenesta er for heimebuande eldre eller funksjonshemma som på grunn av sjukdom eller andre årsaker opplever utryggleik og/eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.For å få tryggleiksalarm må det setjast opp nøkkelboks ved hovuddør. Dersom du bur i sameige eller bustadkompleks med felles hovuddør, må du innhenta løyve for oppsetjing.Kommunen held no på sjå på moglegheiter rundt teknologi i heimen som kan knytast opp mot tryggleiksalarmar – såkalla velferdsteknologi.Heimetenesta tar kontakt med deg og gjer ei behovskartlegging etter å ha mottatt søknaden. Trykk her for søknadsskjema Kontakttelefonnummer: Heimetenesta NærbøTerese Håland, lederTlf. 415 32 789Vakttelefon: 415 32 780Heimetenesta VarhaugLiv Kristin Skretting, lederTlf. 415 32 744Vakttelefon: 415 32 775Heimetenesta Sør (Vigrestad/Brusand/Ogna/Sirevåg)Bente Karin Fotland, lederTlf. 415 32 730Vakttelefon: 415 32 771 Sist endra 09.01.2025 09.29