- Kartlegging av hjelpebehov
- Mestringsorienterte samtalar
- Handtering av medisin
- Brukarstyrt aktivitetssenter
- Individuell plan og ansvarsgrupper
- Støtte til pårørande
- Grupper for fysisk aktivitet, turgrupper, deltaking på treningssenter (ved Tunet brukarstyrt senter)
- Oppfølging av personar som er under behandling, til dømes innan rusvern
- Å finna aktivitetar med meining
- Å strukturera kvardagen
- Å etablera støttekontakt eller treningskontakt
- Tilvising til vidare behandling i spesialisthelsetjenesta (rusvern)
- Boligoppfølgar som kan hjelpa deg med utfordringar knytta til å skaffe og halda på bolig
Psykisk helse er evna til å fordøya påkjenningar i livet.
Psykiske vanskar og lidingar kan utvikla seg når livet vert tungt fordøyeleg.
Me kan hjelpa deg å finna ut om det du strevar med ein normal reaksjon på ei uvanleg påkjenning, eller om du treng vidare hjelp frå oss.
Me vil arbeida saman med deg for å få ein best mogleg betringsprosess.
For å sikra god oppfølging nyttar me tilbakemeldingsvertøyet Feedbackinformerte tjenester (FiT). FIT inneber systematisk tilbakemelding frå brukar.
Me endrar og tilpassar tenestene i tråd med desse tilbakemeldingane. FIT set brukar, og deira oppleving av kva som virkar, i sentrum. Dette gir oss saman eit godt utgangspunkt for læring, endring og betring.