Det er felles opptak for alle barnehagane i Hå kommune, både dei kommunale og dei private.
Opptaket:
- Det er eit årleg opptak for barnehagane i Hå kommune. Søknadsfristen for dette er 1. mars.
- De kan søka om plass heile året. For å få plass frå 15. august må de søka innan fristen for opptaket og oppfylla lovkrava som gjev rett til plass.
- Svar på om de får barnehageplass i hovudopptaket vert sendt ut elektronisk i løpet av april.
- Alle som har søkt og som ikkje får plass vil automatisk stå på venteliste
- Etter opptaket vil barnehagane ta inn barn frå ventelista så fort det vert ledige plassar.
Lovfesta rett til barnehageplass i Hå kommune:
- de må søka innan 1. mars
- barnet må bu i Hå kommune ved oppstart i barnehagen
- barnet må fylla eit år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass
Ønsker du om å byte barnehage er du med i hovedopptaket på lik linje med nye søknadar.
Ønsker du endring i tilbodet legg du inn ein ny søknad.
Ønsker du å seie opp plassen, kan du gjere dette i barnehageportalen.
Sist endra 03.09.2024 13.22