Viktig melding

Lukk meldinga

Planstrategi 2024-2027 - Høyring og offentleg ettersyn

Kommunal planstrategi skal utarbeidast og vedtakast seinast eitt år etter at kommunestyret er konstituert. Planstrategien skal avklara kva for planoppgåver kommunen skal prioritera i valperioden, slik at ein kan legga til rette for ei ønska utvikling.

Det nye kommunestyret skal ta stilling til om ein skal revidera kommuneplanen heilt eller delvis. Planstrategien er òg eit verktøy for å vurdera kommunen sitt plansystem, planressursar og behov for planar (kommunedelplanar, tema- og sektor/fag planar).

Den kommunale planstrategien er ikkje ein plan der ein skal vedta mål og strategiar. I kommunal planstrategi skal ein drøfta utviklingstrekk i kommunen, slik som samfunn og organisasjon. Denne drøftinga vil legga grunnlag for å kunna vurdera behovet for planar i kommunestyreperioden.

Planstrategi 2024-2027 - Høyring og offentleg ettersyn

Kommuneplanutvalet vedtok i møte 11. juni 2024, i sak 009/24, å senda "Planstrategi 2024 - 2027" ut på høyring og offentleg ettersyn. Høyringsforslaget finn du under “Aktuelt” på denne sida.

Merknadar og innspel

Merknadar og innspel til strategien, kan sendast til samfunnsutvikling@ha.kommune.no, eller per brev til Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

Merk e-post eller konvolutt med "Kommunal planstrategi".

Fristen for innsending av innspel er sett til 15.08.2024.
 

Kontakt

Ole Vikse
Ole Vikse
Plansjef
Mobil: 46504063