Avløp er ei felles nemning for spillvatn og overvatn. Spillvatn er i hovudsak vatn som kjem ut av huset. Overvatn er i hovudsak det som kjem på utsida av huset.
Fordrøying av overvatn er i dag meir aktuelt enn nokon gong. Større nedbørsmengder og fleire tette flater gjer det vanskeleg å handtere den auka vassmengda for kommunale leidningar. For å halde avløpsavgiftene nede, er det viktig å skilje overvatn frå spillvatn.
Legging av leidning for drenering og takvatn
Alle bygg i kommunen skal ha separate leidningar for drenering og takvatn. Ein drensleidning, og ein tett leidning for takvatn. Alle røyrleggjarar må gjennomføre denne praksisen.
Nyttige lenker