Her kan du lesa barnehagebruksplan 2023-2026 (PDF, 9 MB)
Dei siste åra har veksten i folketalet vore vesentleg lågare enn dei føregåande åra. Det er sannsynleg at framskrivingane ikkje fangar opp den faktiske utviklinga framover, og i så måte blir tala usikre. Barnehagebruksplanen vil bli revidert anna kvart år og vil bli lagt fram saman med kommunedirektøren sitt økonomiplanforslag.
Barnehagebruksplanen gjer greie for antatt behov for barnehageplassar i perioden 2023-2026 og forslag til prioriterte tiltak for å møte dette behovet. Framskrivingane av behovet for nye barnehageplassar viser at det samla sett er nok kapasitet i kommunen i dag. Som ein del av revisjonsarbeidet vart det og lagt fram ei tilstandsvurdering av barnehagebygga, samt eit overordna idégrunnlag for kvalitet og funksjon i barnehagane.
Ei drøfting av kvaliteten og den gode barnehagen i samspelet mellom pedagogisk arbeid og barnehagen sitt fysiske miljø, blir nærare omtala i Kvalitetsplan for barnehage.
Her kan du lesa Kvalitetsplan for barnehage 2021-2024 (PDF, 10 MB)