Har du eit barn med behov for spesialundervisning eller anna tilrettelegging i barne- og ungdomsskulen? Ta først kontakt med skulen eleven går på, eller skal gå på.
Kven har rett til spesialundervisning?
Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet har rett til spesialundervisning. Før det blir gjort vedtak om spesialundervisning skal Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) utarbeida sakkunnig vurdering.
Krav til skulen
Før ein elev blir henvist til PPT, må skulen vurdera om eleven kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen må også prøva ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom eleven framleis ikkje har tilstrekkeleg utbytte av opplæringa, skal skulen saman med føresette senda tilvising til PPT.
Slik går du fram for å få hjelp av PPT
- Ta kontakt med aktuell skule
- Skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak
- Skulen sender tilvising til PPT i samarbeid med føresette ved behov