Kva kostar det å søka?

Du må betala for at kommunen skal behandla byggesøknaden din. Prisen du må betala avhenger av kva du skal bygga.

Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 09.00-14.00.

Klikk her for å bestilla møte

Saksbehandlingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr basert på kva du skal bygga og eit arealgebyr for størrelsen på byggverket. Dersom du søker om dispensasjon, kjem dispensasjonsgebyret i tillegg.

Eksempelet under viser saksbehandlargebyr for å bygga ein garasje på 50 kvadratmeter som krev dispensasjon frå regulert byggegrense.

  • Grunnbeløp: 3263 kroner
  • Arealgebyr (20 kr x 50 m2): 1000 kroner
  • Dispensasjon, byggegrense: 6121 kroner

Sum: 10384 kroner

Fullstendig prisliste for byggesaks- og reguleringsgebyr finn du her