Badeplassar

Våre spektakulære strender byr alltid på sand mellom tærne, bølgeskvulp og herleg sjøluft.  I Hå har me nokre av dei flottaste strendene i landet og fine badevatn med badebrygger.

Fire personar badar på Holmasanden. - Klikk for stort bileteHå kommune har fantastiske badestrender. Fabel

Flotte strender i Hå:

  • Sannarvågen er ei fin lita badestrand nær Sirevåg sentrum. Du kan koma deg til stranda med både bil og tog.
  • Ognasanden ligg mellom svaberg, fjellknausar og elveos. Parker ved parkeringsplassen Tanginen eller ta toget til Ogna stasjon.
  • Laugabergvika er ei av fleire små viker på Ogna. Her er det offentleg toalett. Parker ved parkeringsplassen Tanginen eller ta toget til Ogna stasjon. 
  • Holmasanden er ei skjult perle med campingsplass og kiosk like ved. Det er offentleg parkering ved parkeringsplassen Tanginen. Du kan også ta toget til Ogna stasjon.
  • Brusanden er ei lang og flott sandstrand mellom med lune sanddyner, lagune og elveos. Det er lett å koma seg til stranda med både bil og tog. Parkeringsplassenen ligg på nordsida av stranda og toget stoppar på Brusand stasjon. Det ligg campingplassar med kioskar i begge ender av stranda. Ver spesielt obs på farlege understraumar i sjøen.
  • Kvalbeinsanden er ei fin sandstrand nord for Brusanden. Du kan parkera på den offentlege parkeringsplassen på Brusand eller ved Kvassheim fyr.
  • Nærland strand er ei rullesteins- og sandstrand. Det er parkering ved Nærlandsparken 300 meter frå stranda.
  • Refsnes strand er ei rullesteinstrand i nord med sanddynekyst i sør. Stranda er fredeleg med kort avstand til offentleg parkeringsplass og offentleg toalettanlegg med utedusj, skyllestasjon og benk til å sitta på. Det er svillesti frå toalettbygget ned til sanddynene.

Det er fint bada på alle strendene, men ver merksam på sterke understraumar i sjøen. 

Populære badevatn i Hå:

  • Holmavatnet på Varhaug er ein fin badeplass med badebrygge og parkeringsplass på leirplassen Holmavatn. Vis omsyn til leirdeltakarar.
  • Helgåvatnet på Ogna er ein fin badeplass med badebrygge og parkeringsplass på leirplassen Ognatun. Vis omsyn til leirdeltakarar. 
  • Stemmavatnet og Stølen i Sirevåg er eit flott badevatn med svaberg.

Kart over badeplassar og parkering:

Vasskvalitet

Hå kommune målar ikkje kvaliteten på badevatn, men det er sett opp skilt ved dei badeplassane kvaliteten periodevis er dårleg. 
Unngå å bada i utløpet ved Salteånå, Rennå og Fuglestadånå etter regn. Då er kvaliteten ofte dårleg.