Viktig melding

Lukk meldinga

Handlingsplan ved urovekkjande skulefråvær

Målet med handlingsplan ved urovekkjande skulefråvær (PDF, 496 kB) er å gjera alle trygge på korleis dei skal hjelpa barn og  unge og deira familiar ved skulevegring/urovekkjande fråvær frå skulen.

Det er viktig å redusera urovekkjande skulefråvær både på kort og lang sikt. På kort sikt får urovekkjande fråvær frå skulen konsekvensar for den faglege og sosiale utviklinga til eleven.

Eleven kan oppleva fallande meistringsoppleving, sosial isolasjon og fråværet kan føra til spenning og konfliktar i heimen.

Dei langsiktige konsekvensane er også alvorlege; med fare for fråfall i vidaregåande skule, manglande utdanning og arbeid, økonomiske problem, angst og depresjon. Og kanskje i ytste konsekvens uføretrygd.

Det er nødvendig å ha ei systematisk tilnærming til urovekkjande skulefråvær. Dette fordi utfordringane med skulevegring er samansette og komplekse. Utfordringane kan liggja i heimen, på skulen eller hos eleven.

Denne handlingsplanen inneheld ei beskriving av kva urovekkjande skulefråvær er, kva rutinar som bør fylgjast og ulike skjema til bruk i arbeidet med eleven, føresette og i samband med igangsetting av tiltak.