Kunne du tenkt deg større tomt i Stokkalandsmarka?
I fleire år har Hå kommune selt tomter på rundt 500 kvadratmeter i Stokkalandsmarka. Ein del har etterlyst større tomter, og formannskapet har derfor gitt administrasjonen i oppgåve å regulera om slik at totalt ti tomter blir på om lag 750 kvadratmeter. Prisen på desse er 1,25 millionar kroner, mot 1 million kroner for dei andre tomtene i feltet.
Dei seks første tomtene er nå ferdigregulerte og klare til sal; Stokkalandsbråtet 6 (selt), Stokkalandsbråtet 10 (selt), Stokkalandsræget 5 (selt) , Stokkalandsræget 7, Stokkalandskroken 28 og Stokkalandskroken 30 (selt).