Årsmelding og -rekneskap for 2021
– Me har svært god økonomistyring, og eg vil takka for den store innsatsen både leiarar og medarbeidarar gjer på dette området, seier ein stolt kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.
– Men inntektene har vore vanskeleg å budsjettera rett. I dette spesielle året me har lagt bak oss har skatteutviklinga vore langt høgare enn styresmaktene rekna med. Dette kan me ikkje rekna med fortset. Me har og fått ein del andre ekstra øyremerka inntekter. Det betyr at inntektene har med «merkelappar» og ikkje kan nyttast til anna føremål enn merkinga seier.
Netto driftsresultat viser inntekter minus utgifter. Noko må settast av til fond og investering. Det som er igjen, mindreforbruk («overskot»), må etter loven settast av på disposisjonsfond. Dette fondet kan seinare nyttast til investeringar dersom politikarane vedtar det. Dette er sparepengar som ikkje kan nyttas til ordinær drift.
Netto driftsresultat
Netto driftsresultat blir på 8,5 prosent, som er 5,3 prosentpoeng høgare enn budsjettert netto driftsresultat. Dette skuldast i hovudsak aukte inntekter. I tillegg er det heilt vesentleg at me har god økonomistyring i alle tenesteområda.
Resultat for drifta
Resultatet for tjenesteområda og sentraladministrasjonen etter bruk av og avsetning til fond viser eit samla mindreforbruk på 1,8 prosent. Dette utgjer millionar kr av ei total netto budsjettramme på 1,19 milliardar kr.
Frie inntekter
Frie inntekter består av skatt, rammetilskott og inntektsutjamning. Summen av dette blei 1,18 milliardar kroner, ei auke på 1,37 prosent i forhold til budsjettet og 9,3 prosent i forhold til 2020.
Auken skuldast ekstra utbetalingar i samband med korona og større auke i skatteinngangen i Noreg enn venta. Skatteinngangen i Hå var 567,6 millionar kr og er 14,6 prosent høgare enn i 2020. For alle kommunar i Noreg samla gjekk skatteinngangen opp med 16 prosent.
Skatteinngangen per innbyggar i Hå gjekk ned frå 82,9 prosent til 81,7 prosent av landsgjennomsnittet.
Investeringar og lånegjeld
Hå kommune sine brutto investeringsutgifter var på 187 millionar kr i 2021, ein reduksjon frå 2020 på 61 millionar kr. Dei prosjekta som er avslutta i 2021 er godt innanfor løyvingane sine. Dei største prosjekta i 2021 var Hybelhuset og avlastningsbustaden på Skjeraberget.
I 2021 er 46 prosent av investeringane finansiert ved lån. Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,168 milliardar kr ved utgangen av 2021. Auken frå 2020 er 10 millionar kr og gjeld per innbyggar har auka til 60 760 kr.
49,9 millionar kr av netto driftsresultat er brukt til investering. Dette gjer at me ikke brukar så mykje av fond som me hadde budsjettert med.
Disposisjonsfond
Samla disposisjonsfond ved utgangen av 2021 utgjer 289 millionar kr, noko som tilsvarer 17,0 prosent av brutto driftsinntekter. I tillegg kjem overskotet for 2021 som blir på 65,2 millionar kr.
Hå kommune har, slik loven krev, sett overskott for 2021 på 65,2 millionar kr. på disposisjonsfond (til seinare bruk, til dømes til investeringar).