Om du er utan eigna bustad og ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv, kan du søka om å leiga kommunal bustad.
Det må vera økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje klarer å skaffa deg ein stad å bu.
I tillegg må du:
- ha folkeregistrert adresse i Hå kommune og opphaldt deg i kommunen i minimum 6 månader
- ha låg inntekt over lang tid
- ha prøvd å skaffa deg bustad sjølv
Fyll ut søknaden du finn her. Om du treng hjelp til å fylla ut søknaden, kan du ta kontakt med oss.
Hugs å legga med følgande når du søker:
- utskrift av likning det siste året
- lønnslipp (løn/trygd)
- leigekontrakt, eventuell oppseiing
- bekrefting barnebidrag
- foreldre/einslege med barn buande fast 50 % eller meir i hushaldet
- personar som strevar med rus, har psykiske helseutfordringar, eller store sosiale vanskar
- personar med fysisk eller psykisk funksjonnedsetting
- personar som over lengre tid har strevd med å komma inn på bustadmarknaden
- personar som er omfatta i særskilde avtalar mellom kommune og andre instansar
Du må betala husleige etter gjeldande satsar som kommunestyret fastset. I tillegg kjem straum, innbuforsikring og andre utgifter som normalt fell inn under ei husholdning.
Sist endra 15.07.2024 11.49