Hå gjenvinningsstasjon Nærbø

Alle innbyggarar i Hå kan kasta hushaldningsavfall på Hå gjenvinningsstasjon (Pytten) i Bøvegen 16 på Nærbø. Gjenvinningsstasjonen tek ikkje imot næringsavfall. Det finst det eigne private ordningar for.

​Prisar og betaling

Avfallet skal vera sortert før du kjem, og du betalar berre for restavfall. Restavfallet skal leverast i gjennomsiktige sekkar. Det kostar 60 kroner per sekk med restavfall. Det blir eit ekstragebyr for levering i svarte søppelsekkar, og prisen er då 100 kroner per sekk. Skal du kasta større ting som ikkje får plass i ein sekk, reknar me også prisane om til sekkar. Når det gjeld stolar og sofa reknar me ein sekk per sete. Du kan betala med kort og Vipps (120963).

Dette kan du levera i Pytten:

  • Restavfall (i gjennomsiktig sekk)
  • Glassemballasje
  • Metallemballasje
  • Plastemballasje
  • Papir og papp
  • Hageavfall
  • Isopor
  • Tekstilar
  • Farleg avfall
  • Impregnert trevirke
  • EE-avfall
  • Vindauge (gjeld eldre vindauge med PCB eller klorparafin, nyare vindauge går som restavfall)
  • Kvitevarer
  • Gipsavfall
  • Trevirke
  • Isolasjon som Glava/Rockwoll
  • Keramikk
  • Fliser

Vurder alltid om det du ønsker å kasta, kan leverast til gjenbruk.