Tilsyn
Vanlege brannobjekt er stort sett vanlege bustader. Tilsyn blir utført kvart 4. år av brannførebyggar. Dersom spesielle forhold gjer at ein bør gjennomføra tilsyn oftare, kan dette avtalast med brannførebyggaren.
Særskilte brannobjekt er større bygg som skular, barnehagar, overnattingsstader, forsamlingslokale, institusjonar, industri og butikklokale. Tilsyn med desse vert utført etter ei risikovurdering.
Tilsyn med vanlege og særskilte brannobjekt er lovpålagt og har til hensikt å sikra at minstekrav ut frå pliktene til eigar/brukar, krav til tekniske tiltak samt bygningsmessige forhold blir ivaretekne. Tilsynet er og basert på rådgjeving og informasjon til eigar/brukar med fokus på å redusera brann og konsekvensane av dette.
Feiing
Feiing blir utført kvart 3. år. Dersom spesielle forhold tilseier at ein bør feia oftare, kan du avtale dette med feiar. Feiar kan også nyttast som rådgjevar ved montering av piper og eldstad. Hugs at montering og utskifting av eldstader er meldepliktig.
Her kan du melde inn ovn
Har du hytte/fritidsbustad i Hå, og har fått gebyr om feiing og tilsyn?
Me får mange spørsmål frå hyttefolk som lurer på kvifor dei har fått gebyr for feiing og tilsyn. Dette er fordi det i 2016 kom krav om at kommunen skal feia og føra tilsyn med alle fyringsanlegg i kommunen. Dette inneber også i fritidsbustadar. Kommunestyret i Hå har gjort vedtak om at gebyret skal vera likt som for vanlege bustadar.
Kva betyr dette for deg som hytteeigar?
- Feiing og tilsyn vil føregå på same måte som i din bustad.
- Det må vera stigemateriell tilgjengeleg for tilkomst til tak og skorstein.
- Feiaren må under feiing og tilsyn ha tilgang til eldsted og feieluke.
- Du vil få varsel i forkant, og det vil vera høve til å avtala tidspunkt med feiaren.
Du blir fakturert for denne tenesta på fakturaen for kommunale eigedomsgebyr.
Radonmåling
Kommunen måler ikkje radon i private bustader. Du finn meir informasjon om radonmåling her:
Rogaland brann og redning om radonmåling
Norsk Radonforening