Viktig melding

Lukk meldinga

Melding om omn og peis

Feiarvesenet skal ha melding om installering eller vesentleg endring/omplassering av eldstad.

Kven kan montere eldstad?

  • Det vert ikkje stilt formelle kompetansekrav til den som skal montere eldstad.
  • Den som skal montere eldstaden må ha kjennskap til reglar for skorstein og eldstad.
  • Det er monteringsanvisninga til kvar enkel eldstad som beskriv kva for krav som gjeld.
  • Vi anbefaler å nytta ein sertifisert montør.

Må eg søka om å installera eldstad?

  • Installasjon av eldstad i eksisterande bustad er ikkje søknadspliktig, men meldepliktig til kommunen (feiarvesenet)
  • Vi anbefaler at du får et monteringsbevis av montøren. Dette skal vere ferdig utfylt og signert av montøren.
  • Behald og oppbevar originalen, og send ein kopi til ditt lokale feiarvesen.

Det er utarbeida eit eige skjema som skal sendast inn:

Melding om installering/vesentlig endring/omplassering av ildsted

Dette er søknadspliktig:

Søknad om rehabilitering eller oppføring om skorstein skal gå til byggesaksavdelinga i Hå kommune.