Viktig melding

Lukk meldinga

Tilsyn i særskilte brannobjekt

Brannvesenet sine tilsyn med særskilde brannobjekt er eit av fleire verkemiddel me har for å førebygga brann.

Særskilde brannobjekt vert definert som «byggverk, opplag, områder, tunneler, virksomheter m.m. hvor brann kan medføre tap av mange liv eller store skader på helse, miljø eller materielle verdier»

Me i brannvesenet skal ut frå risikovurderingar sjølv avgjere kva for nokre verksemder som høyrer til i denne kategorien. Dette kan eksempelvis vere skular, barnehagar, idrettshallar, forsamlingslokale, institusjonar, boligkompleks, serverings- og overnattingsstader, industriverksemder, næringsbygg eller viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg.

Branninspektørane i brannvesenet skal gå på tilsyn i slike særskilde brannobjekt. Då skal me påse at objekta er tilstrekkeleg sikra mot brann. Det betyr at me skal sjå på alle forhold som er av betydning for branntryggleiken (bygningsmessige, tekniske, utstyrsmessige og organisatoriske brannsikringstiltak). Me skal også sjå på forhold som vil vere av betydning for slokke- og redningsinnsats ved ein eventuell brann.

Risikovurdering

Internkontroll

Les meir om særskilde brannobjekt her