Alle verksemder har plikt til internkontroll. Dette inneber mellom anna ei plikt til å kartlegga og vurdera risiko, samt å utarbeida planar og tiltak for å redusere risikoen i verksemda. Mange synest at det er vrient å få tak på kva ei risikovurdering skal vere og korleis ein kjem i gang med dette. Kartlegging og vurdering av risiko treng ikkje vere så komplisert som mange trur. Det handlar om å sjå nærare på (og dokumentere) følgande spørsmål:
• Kva kan gå galt i vår verksemd?

• Kva kan me gjere for å unngå at dette skjer?
• Dersom noko likevel oppstår, kva kan me gjere for å redusera konsekvensane?
Risikovurdering med tilhøyrande plan for risikoreduserande tiltak må haldast oppdatert. Det betyr at arbeidet skal vere ein kontinuerleg prosess der dokumentasjonen vert justert etter kvart som risikoen i verksemda endrar seg (i både positiv og negativ retning), eller når det vert avdekt risikofaktorar som ikkje har vore vurdert tidligare.
Forskrift om brannforebygging krev at både eigar og brukar av eit byggverk skal ha eit systematisk sikkerheitsarbeid. Risikovurderinga er sentral her og skal liggje til grunn for korleis det systematiske sikkerheitsarbeidet vert utforma. Merk at bedriftshelsetenesta kan hjelpa i arbeidet med risikovurderingar dersom verksemda ser behovet for dette.
Arbeidstilsynet har samla ein del informasjon om risikovurderingar her. Me meiner at dette kan vere nyttig også for verksemder som ikkje har arbeidstakarar.
Her kan du lese meir om plikten til internkontroll.
Her kan du lese kva som vert definert som ei verksemd.
Her kan du sjå kva Forskrift om brannforebygging seier om systematisk sikkerheitsarbeid (§ 9 og § 12).