Familiesenteret er eit tilbod for alle familiar med barn i alderen 0 - 18 år. Det er låg terskel for å få hjelp av Familiesenteret.
Her kan du få støtte og rettleiing i foreldrerolla og snakka med fagpersonar. Me gir råd og rettleiing til foreldre som i periodar kan oppleve usikkerhet rundt eigen rolle som oppdragar og/eller er bekymra for sine barn.
Me tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra. For barn i alderen 0-13 år blir det vurdert om individuelle samtaler er det riktige tilbodet, eller om rettleiing til deira omsorgspersonar er meir tenleg.
For å få hjelp av oss tek du direkte kontakt, eller brukar henvendelsesskjemaet her (PDF, 460 kB). Dette kan barnet/den unge eller foreldra gjera sjølv. Om du samtykker til det, kan og andre ta kontakt med oss for deg.
Ring oss på telefon 415 32 796
Postadresse:
Rådhusgata 8
4360 Varhaug
Besøksadresse:
Jadarvegen 27
4365 Nærbø
Du kan mellom anna ta kontakt om:
- utfordringar og høgt konfliktnivå i familien
- samspel eller vanskar mellom foreldre og barn/ungdom
- psykiske vanskar eller psykisk sjukdom
- kriser, sjukdom, sorg og belastningar i livet
Me tilbyr:
På Familiesenteret jobbar eit tverrfagleg team av helse- og sosialfaglig utdanna, med vidareutdanningar innan psykisk helse og familieretta arbeid.
Me opprettar journal til alle som får hjelp. Målet med journalen er å sikra at du får fagleg forsvarleg oppfylging og at me held dokumentasjonsplikta. Foreldre og føresette har som hovudregel innsyn i opplysningar som handlar om barnet deira.
Om du ønsker det kan me samarbeida med:
- helsestasjonen
- barnevernstenesta
- psykisk helse og rusvern
- PPT og skulane/barnehagane
- Oppfølgingstenesta
- BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk) - Bryne