Skal du gifta deg?

Kva må de ordna før de kan gifta dykk?

  • Behandlingstida kan vera 5-6 veker, så ver ute i god tid før bryllupet. 
  • Ein prøvingsattest er gyldig i fire månadar.
  • Prøvingsattest må vera hjå oss seinast to veker før vigselen. De kan sjølv velga om de vil senda denne til kommunen digitalt gjennom Altinn, eDialog eller i posten.

Bestill vigsel

Bestill vigsel i Hå kommune her

  • Vigselen skal i hovudsak finna stad på rådhuset i kontortida.
  • Om de ønsker vigselen ein lørdag eller ein anna plass i kommunen, må dette avtalast på førehand.

Prisar

Vigsel er gratis, med desse unntaka:

  • Ved vigsel i andre lokale enn kommunen sine ordinære lokale (kr 1000,-)
  • Ved vigsel utanom ordinær arbeidstid (kr 1000,-)
  • Ved vigsel der begge brudefolk er busett i andre kommunar (kr 1000,-)
  • Ved vigsel der begge brudefolk er busett i andre kommunar, i andre lokale og/eller utanom arbeidstid (kr 2000,-)

Sjølve dagen

  • Møt opp i servicetorget i Hå rådhus.
  • De må ha med to vitne under vigselen. Vanlegvis er dette forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar.  
  • De må også ha med gyldig legitimasjon. Det kan vera pass, førarkort eller bankkort med bilde.
  • Seremonien varer i cirka 15 minutt.
  • De må gjerne ta bilete både før, under og etter seremonien.

Slik ser vigselslokalet på rådhuset ut:

Har du spørsmål? Sjekk ut Skatteetaten sin rettleiar - Veien til ekteskapet