Kommuneoverlegen

Kommuneoverlegen er den øvste medisinskfaglege rådgivaren i kommunen. 

Kommuneoverlegen har mellom anna ansvar for å følga opp fastlegetenesta i Hå kommune. Ho tilrettelegg og leiar det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen, i tillegg til å vera verksemdleiar og avdelingsleiar.

Kva gjer kommuneoverlegen?

Viktige oppgaver er mellom anna:

  • helsemessig beredskap
  • smittevern
  • miljøretta helsevern
  • folkehelse
  • rådgiving
  • bekymringsmeldingar
  • forvalting
  • kvalitetsutvikling
  • medisinsk faglig oppfølging av helsetilbodet i kommunen

Korleis fungerer legetenesta i Hå kommune?

  • Alle skal henvenda seg til fastlegen sin for helsehjelp. Fastlegane har ordning for å dekka opp for kvarandre ved fråvær. Det same gjeld om du har fastlege i ein annan kommune.
  • Dersom du bur i Hå og har fastlege i eit anna fylke, eller i Rogaland nord for Stavanger, vil det vera lurt å gå inn på fastlegetenestene og registrera deg med fastlege der eller setta deg på venteliste. Dei som ikkje har fastlege i det heile tatt blir regelmessig fordelt til dette. Kommunen har ingen påverknad på kven som får fastlege.
  • Innbyggarar som vert busette her som flyktningar, eller bur på asylmottaket, har eigne ordningar. Det same gjeld internatelevar ved Tryggheim vidaregåande skule som bur langt heimefrå.
  • Treng du oppfølging og står på venteliste til fastlege, tek du kontakt på det legekontoret du geografisk soknar til og dei vil vurdera behovet ditt. Er du gravid, vil jordmor hjelpa deg med dette.
  • Unntak: Vert du akutt sjuk kan du ringa 113 om det hastar veldig eller 116117 om det hastar litt mindre. Det vil då verta vurdert om du treng time på legevakt eller ambulanse.
  • Alle mellom 12 og 21 kan gratis nytta helsestasjon for ungdom.
  • Lurer du på om du er smitta av ein kjønnssjukdom? Då kan du ta kontakt med Poliklinikk for seksuelt overførbare infeksjoner.

Miljøretta helsevern

  • Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som direkte eller direkte kan ha innverknad på helsa. Desse omfattar mellom anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar.
  • Det er kommuneoverlegen som har myndigheita innan miljøretta helsevern i Hå kommune. I samarbeid med Rogaland brann og redning kan me mellom anna gi råd om inneklima, forureing, fukt og muggsopp, smittevern og støy.
  • Les meir om miljøretta helsevern på nettsidene til Rogaland brann og redning.

Bekymring for innbyggar

Dersom du er bekymra for helsa til nokon som bur i Hå kommune, er det enklast om du tek det opp med fastlegen til den det gjeld om du får lov til det. Dersom det hastar, kan du ta kontakt med legevakt.

Veit du ikkje heilt kva du skal gjera, kan du nytta kontaktskjemaet til kommuneoverlegen lenger nede på denne sida – så vil du bli kontakta. Ver merksam på at du ikkje må skriva personsensitive opplysninger her. Du kan skriva namn og alder og kva det gjeld.

Nyttige lenker

Kontakt kommuneoverlegen

Har du spørsmål til kommuneoverlegen i Hå? Fyll ut skjemaet under, så vert du kontakta.

NB! Ikkje send sensitive opplysningar via kontaktskjemaet.