Husnummer/skilt

Adresser

Adresser og skilt skal sørga for at alle på ein lett og forståeleg måte kan identifisera og finna fram til bygningar, tilkomst til bygningar, bustader og andre adresseverdige objekt.

Det er kommunen som tildeler offisielle adresser, jfr. matrikkellova § 21. Skrivemåten skal vera etter regelverket i stadnamnlova.

Offisielle adresser

Ei vegadresse (gateadresse) er sett saman av eit adressenamn (gatenamn) og eit husnummer.

Offisielle adresser blir tildelte bygningar som blir brukte til:

  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsverksemd
  • offentleg eller publikumsretta verksemd

I tillegg kan adresser bli tildelte ubebygde eigedomar og avgrensa område som er publikumsretta:

  • idrettsanlegg
  • parkeringsanlegg
  • parkar
  • gravplassar

Tildeling og adresseendring

Eigedom/bygning blir tildelt adresse til den vegen den har tilkomst frå.

Adresser blir tildelte ved frådeling av nye eigedomar og/eller ved oppføring av nye bygg.

Adresseendring

Kommunen kan endra adressa når det er nødvendig, for eksempel når:

  • tilkomsten vert endra/lagd om
  • det vert fortetta (nybygging)
  • det er vanskeleg å finna fram fordi adressa er feil med tanke på tilkomsten

Eigar kan ta kontakt med kommunen dersom adressa til ein eigedom bør verta endra. Dette er i tilfelle dei faktiske forholda har endra seg eller kommunen har gjort feil.

Adresse/husnummer

Eit godt synleg husnummerskilt er viktig for at utrykningspersonell, drosjer, vareleveransar og andre skal finna fram til ei adresse fort og enkelt. Eit slikt skilt bør vera stort nok til å kunne lesast frå vegen og ha god kontrast til husfargen. Huseigar skal sjølv kjøpa og setja opp husnummerskilt. Husnummerskilt får ein kjøpt i bygge- eller jernvareforretningar.

Bustadnummer

I bustader med fleire leilegheiter bruker ein bustadnummer i tillegg til vegadresse for å skilja dei ulike bueiningane. Bustadnummeret er sett saman av ein bokstav og tre tal som gir etasjen og leilegheita. H0101 viser til hovudetasje nr. 1 og første leilegheit på venstre hand når ein kjem inn hovudinngangen.

I einebustader med ei brukseining er bustadnummeret H0101.

Adressetilleggsnamn

I nokre tilfelle kan eigar av ein eigedom krevja å få bruka eigedomen sitt bruksnamn som ein del av si offisielle adresse.

Etter matrikkelforskriften § 54 kan adressetilleggsnamn inngå i den offisielle adressa. Hensikta er å ta vare på bruksnamn av kulturhistorisk verdi. Adressetilleggsnamn vil som regel vera knytt til eit gardsbruk, men kan òg verta knytt til den offisielle adressa for ein kjent institusjon eller bygning.

Klage

I adressesamanheng kan du klaga både etter matrikkellova og stadnamnlova.

Klage etter matrikkellova er avgrensa til:

  • kva for ei gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
  • kva for adressetilleggsnavn eller matrikkeladressenavn som er tildelt adressa
  • feil tildelt adressenummer eller bruksenhetsnummer

Klage etter stadnamnlova omfattar skrivemåten på adressenamn, adressetilleggsnamn og matrikkeladressenamn.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00