Viktig melding

Lukk meldinga

Visuell identitet

1 Kommunevåpen

Bruk av kommunevåpenet

Kommunevåpenet til Hå er eit historisk og viktig symbol for kommunen og innbyggarane. Kommunevåpenet blir brukt ved høgtidelege seremoniar og på kunstnariske og historiske gjengivelser som for eksempel skilt og kumlokk. Kommunevåpenet til Hå har svart bakgrunn og ein sølvfarga steinbukk. Det skal brukast sølv der det er går an og er naturleg som for eksempel på skilt ved kommunegrense og pins. Elles skal kvit brukast som erstatningsfarge for sølv.

Kommunevåpen
Tittel Publisert Type
Kommunevåpen Hå_PNG

18.03.2024 Filtype: png. Klikk for å laste ned Kommunevåpen Hå_PNG.png
Kommunevåpen Hå_SVG

18.03.2024 Filtype: svg. Klikk for å laste ned Kommunevåpen Hå_SVG.svg

 

Historien til kommunevåpenet

Steinbukken er eit uttrykk for Hå si historie, kultur og identitet. Den viser korleis folket i Hå har levd av og med steinen gjennom tidene. Stein er eit viktig element i naturen og kulturen på Jæren. Dei steinfulle morenane frå istida er sjølve grunnlaget for dei jærske bygdene, og steinrydding har vore nødvendig for jordbruk og for folket sitt liv på Jæren. Før traktoren og gravemaskinane gjorde sitt inntog i dyrkingsarbeidet på Jæren, var det steinbukken som blei nytta til dei tunge løfta. Steinbukken kom til Jæren frå Skottland i 1835, og Underhaug fabrikk på Nærbø produserte tusenvis av steinbukkar tilpassa jærske forhold.

  • Steinbukken er eit symbol for jærbuen sitt slit med steinen og ein karrig natur. Steinbukken symboliserer viljen til å overvinna utfordringar og å skapa noko nytt.
  • Steinbukken er på ein særeigen måte eit band mellom natur og folk, fortid og framtid, fattigdom og velstand, slit og kvile, manuelt arbeid og teknikk.
  • Steinbukken med sine tre føter er også eit symbol på samhaldet mellom dei tre tidlegare kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna som blei til ein kommune i 1964.

 

Eit historisk vendepunkt

Først nesten 25 år etter kommunesamanslåinga såg kommunevåpenet Steinbukken dagens lys. Kommunevåpen var ikkje så vanleg blant distriktskommunar på den tida, og ei lang strid med dragkamp mellom dei tidlegare kommunane hjelpte ikkje på. Forslaget om kommunevåpen blei lagt til side to gongar sjølv om stadig fleire kommunar fekk seg eige kommunevåpen. Først i 1988 vedtok kommunestyret i Hå å starta arbeidet med eit eige kommunevåpen.

Fleire symbol blei vurdert mellom anna steingard, jærtre, jærhus og steinklype. Arbeidsgruppa med Mons Bjorland, Gudbjørg Skretting og Jon Kvalbein i spissen ville ha noko med stein, og landa på at steinbukken var det rette. Å få symbolet godkjent var ein lang prosess. Riksarkivet var negative på grunn av at steinbukken var for komplisert til å forenkla, men representantane frå Hå gav seg ikkje. Kunstnaren med det passande etternamnet Svein Magnus Håvarstein utforma Hå sin steinbukk i svart og sølv. Den svarte fargen representerer jord og medan sølvfargen representerer vatn og sjø. Det offisielle namnet på steinbukken er eit vinsjestativ på grunn av at det måtte nyttast heraldiske namn for å få godkjenning i statsråd. Kommunevåpenet blei godkjent i statsråd i 1991.

Steinbukken blei eit vendepunkt for å samla kommunen. I 1992 kom ein ekte steinbukk på plass utanfor rådhuset. Monumentet skulle symbolisera ein driftig kommune og at dei tre tidlegare kommunane hadde lagt ned stridsøksa.

Visjon for framtida

Steinbukken fortel historia til Hå om lange tradisjonar med hardt arbeid, vilje til å få til noko, løysa problem og å skapa noko. Steinbukken er også forteljinga om framtida til Hå, om handlekraft, nytenking og samarbeid. Hå kommune sin visjon er bygd på steinbukken og baserer seg på at ein steinbukk fungerer best om ein jobbar i saman.

Visjonen er: Me løfter i lag.