Viktig melding

Lukk meldinga

Visuell identitet

8 Bildebank og fototips

Avdelingane til Hå kommune har stor frihet når det gjeld foto. Du kan ta bilde sjølv eller finna bilde i den skybaserte bildebanken til Hå kommune

Dersom du ikkje finn lokale bilde som passar, kan du bruka gratis illustrasjonsbilde frå Unsplash eller Pixabay – men pass i så fall på at bilda er merka med «Download free» på Unsplash eller «Gratis for bruk» på Pixabay.

Her er nokre gode fototips:

  • Bruk bilde frå Hå kommune og velg gjerne bilde som framhever dei nydelege linjene i landskapet.
  • Bruk bilde av menneske.  Det finaste er bilde som er naturlege og ikkje oppstilte. Gå gjerne tett på. 
  • Bruk nærbilde av motiv som er typiske for kommunen. Bilda blir best når motivet framstår som enkelt og reint utan for mange andre forstyrrande element i bildet.

 

Rettigheiter og samtykke

  • Hugs samtykke (godkjenning) frå personar som er avbilda.
  • Ikkje bruk bilde som me ikkje har avklart rettigheitene til.
  • Hugs kreditering av fotograf dersom det er påkravd. På dei aller fleste bilda i bildebanken til Hå kommune treng du ikkje skriva namnet på fotografen, men nokre bilde er tydeleg merka med informasjon om at du må kreditera fotografen.