5 Grafiske former
Hå kommune sin visuelle identitet er bygd opp av fleire ulike steinformer som skal symbolisera samarbeid og steinen som et viktig element i naturen og kulturen i Hå.
![](/handlers/bv.ashx/i8995d20e-21fa-4ff2-8e22-7164934fb8e2/w1200/q11902/k5e1ec527f97d/skjermbilde-2024-02-01-113308.png)
I Hå har me milevis med steingarder og steinstrender. Her bygger me stein på stein og løfter i lag. Dei ulike steinane er eit symbol på dei ulike menneska i kommunen som saman kan vera ein heil steingard eller ei heil steinstrand. Me løfter i lag.
![](/handlers/bv.ashx/icfd94648-4f46-4cc8-bef8-38c94c168377/w1200/q11903/kb28890584a91/skjermbilde-2024-02-01-113359.png)
Det finst ulike steinformer som kan brukast som rame for tekst eller bilde. I tillegg er det laga bakgrunnar der steinane er brukt. Det finst også steinar med konturlinje som symboliserer samarbeid og linjene i landskapet.
![](/handlers/bv.ashx/id9c92b1f-23ea-4b41-9ab2-af0048e96276/w1200/q11904/k47ba27ece40b/skjermbilde-2024-02-01-202159.png)
Som rame for tekst skal steinane ha ein av profilfargene. Når steinane blir brukt til bakgrunn, skal fargen i botn vera i ein av profilfargane medan steinane skal vera i 40% transparent kvit.
Former