Viktig melding

Lukk meldinga

God sommar!

🏖️ Sommaraktivitetar i Hå  🕗Opningstider   🗺️ Turistinfo

 

Visuell identitet

10 Bildekor

Hovudregel: Farge og logo

  • Hå kommune sine bilar er kvite med svart logo som det står Hå kommune på.  
    Bilane har ikkje namn på avdelingar eller tenesteområde.

 

Hovudregel: Plassering av logo

  • Teksten og våpenskjoldet står saman og skal ikkje separerast frå kvarandre
  • Det skal vera ein logo på kvar av dørene framme.
  • Logoen bør plasserast til venstre på døra. Det bør vera cirka like langt frå kanten av bildøra til logoen som det er på bredden av våpenskjoldet.

 

Hovudregel: Størrelse på logo

  • Du velger størrelse på logoen sjølv, men logoen skal ikkje gå over fleire dører og bør ha godt med luft på begge sider.

 

Alternativ 1

  • Dersom bilen skal visa litt ekstra igjen, kan du bruka ei av dei blå steinformene med linje over begge dørene på sidene av bilen.
  • Du kan også bruka blåfargen på spegla.
  • Logoen følger prinsippa til hovudregelen for størrelse og plassering.

Alternativ 2

  • Dersom bilen er ein annan farge enn kvit, kan du velga kvit logo dersom det gir meir kontrast enn svart logo.
  • Logoen følger prinsippa til hovudregelen for størrelse og plassering.

Alternativ 3

Dersom det ikkje blir nok kontrast med kvit logo heller, kan du legga ei steinform bak svart logo.

Logoen følger prinsippa til hovudregelen for størrelse og plassering.

 

Alternativ 4

  • Du velger sjølv om du også ønsker Hå kommune sin visjon bak på bilen.
  • Visjonen skal helst stå på høgre side, men dersom denne plasseringa ikkje er egna, kan du finna ein annan plass til knappen.
  • Dersom det er ein mørk farge bak på bilen, kan du bruka kvit farge på visjonsknapp for å få betre kontrast.

Andre ønske eller utfordringar?