Ung førebygging (SLT)Målet vårt er at det skal vera trygt og godt å veksa opp i Hå. Me går i lag for å førebygga rus og kriminalitet. Me jobbar for barn og unge frå 0 til 20 år. Kva kan du kontakta Ung førebygging (SLT) om?Ung førebygging er eit team som førebygger rus og kriminalitet. Me arbeider for gode oppvekstmiljø, for å redusera sosiale utfordringar og har fokus på mestring og tilhørighet. Tidleg identifisering av unge som er i risiko er viktig. Me vil legga til rette for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge, og det er viktig at dei vert høyrde og får medverka. Me samarbeider med føresette, og me samordnar innsatsen på tvers av fag- og tenesteområde og andre aktørar i og utanfor kommunen. Ung førebygging har kunnskap om og kan tilvisa deg innanfor følgande spørsmål:RusmiddelKriminalitetUtfordrande grupperingarNettverk og foreldrenettverksgrupperFørebyggande samtalarTrygghetsprogrammet Vald i nære relasjonerPsykisk helseFysisk helseUrovekkande skulefråverOvergang frå ungdomsskule til vidaregåande skule (Glidelåsen)Radikalisering Natteravnsarbeid Oppsøkande sosialt arbeid i skulen og lokalmiljøet Sinnemestring (Brøsetmodellen)Sterk&Klar Sist endra 10.03.2025 13.51