Sirevåg hamnRepresentert ved den største skuldermoloen i verda, er hamna og næringsareala i Sirevåg veldig spennande – med mellom anna stor småbåthamn og bubilparkering.Sirevåg hamn har to ISPS-kaier for internasjonal trafikk. Me har også ledige næringsareal direkte til kai, og næringsareal i tilknyting til hamneområdet.I Sirevåg har me også lagt til rette for sjøbutomter til fiskarar og anna sjøretta næring, samt småbåthamn, bubilparkering og sanitæranlegg for tilreisande med både bil og båt. Fasilitetar og kart Sirevåg hamn har to ISPS-kaier for internasjonal trafikk. Kart over kaiene Dybde- og innseglingskart Anløp Døgnvakt Tlf: 91 56 44 40 E-post: sirevag-havn@ha.kommune.no Alle anløp skal meldast via SafeSeaNet. Prisar Her finn du prisliste og ordensforskrift Tiltak i sjø Skal du bygga, grava, fylla ut eller gjera noko som påverkar sjøarealet? Planlegg du eit tiltak som som kan påvirka sikkerheita eller gjer det vanskelegare å koma fram i Sirevåg havn, må du senda ein søknad til oss. Send søknaden til teknisk@ha.kommune.no Eksempel på tiltak kan vera: Kai Brygge Bru Luftspenn Utdjuping Dumping Akvakulturanlegg Opplag av fartøy Lyskjelder, kablar og røyr Vêrmelding Sjå vêrmelding og webkamera på skolten.net Bubilparkering For 200 kroner per døgn kan me tilby ein romsleg grusplass med straum og søppelcontainer ved idylliske Sirevåg hamn.Det er berre ein kort gåtur til sanitæranlegget på kaia, med gratis do og dusj. Der er det også mogleg å tøma bubiltoalettet.Velkomen til Sirevåg! Småbåthamn Våren 2023 opna den nye småbåthamna i indre vågen.Me leiger ut båtplassar på årsbasis, i tillegg er det nokre gjesteplassar i hamna.Me brukar appen Marina Booking for betaling av straum og hamneavgift. Her finn du instruksjonar for installasjon, kjøp av straum og betaling av hamneavgift.Ønsker du å leiga båtplass i Sirevåg? Ta kontakt med nærings- og hamnesjef Mons Skrettingland på e-post Mons.Skrettingland@ha.kommune.no eller telefon 91 56 44 40. Sist endra 12.06.2024 13.13