Styreleiar eller dagleg leiar i selskapet fyller ut og sender inn eit digitalt skjema. Personar med fullmakt kan også senda inn skjemaet. Dersom du har fleire løyve, må du senda inn eitt skjema for kvar sals- eller skjenkestad. Opplysningane om omsetninga bør vera stadfesta av revisor.
Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve
Størrelsen på løyvegebyret er avhengig av kor mykje alkohol staden selde året før.
Kommunen sender ut faktura når omsetningsoppgåva er motteken.