Barn og unges kommunestyre har møte ein gong i året og består av tre representantar frå 5.-7. trinn og tre representantar frå 8.-10. trinn på kvar skule. Ordførar, rådmann, kommunalsjefar og fleire politikarar er og til stades i møtet. Barn og unges kommunestyre behandlar ulike saker og har ansvaret for å fordela 60 000 kroner.