KartI kartportalen kan du finna reguleringsplanar, sjå status i byggesaker, finna skulekrinsar, sjå oversikt over kulturminne og finna interessante stader. Kommunen sin kartportal Slik brukar du Hå kommune si kartløysingSjå eigedomen dinKlikk på symbolet oppe til høgre, og logg deg inn med bank-ID. Dersom du eig eigedom i Hå kommune, kan du logga deg inn og få oversikt over dei eigedommane du eig. Lag nabolisteKlikk på symbolet oppe til høgre, og logg deg inn med bank-ID. Dersom du eig eigedom i Hå kommune, kan du logga deg inn og få oversikt over dei eigedommane du eig, og ta ut liste over naboar.Skriv ut kartDersom du skal skriva ut eit kart, klikkar du på «Verktøy» og vel «Utskrift kart» Plasser den oransje firkanten der du vil ha kartet, og klikk på utskriftsknappen. Kart blir lagra som ein PDF. Dersom du har valgt å sjå kartlag, for eksempel reguleringsplanar eller andre lag, vil dei visast på kartet.Trykk på symbolet for print.Kart blir lagra som ein PDF. Dersom du har valgt å sjå kartlag, for eksempel reguleringsplanar eller andre lag, vil dei visast på kartet.Teikne og målemenyTeikn linjer, flater eller skriv ting du vil visa/forklara på kartet. Dette vil visa på ei utskrift.TerrengprofilTrekk ei linje, og få ein terrengprofil for linja. Eit tips her er å huka av for «Tegn vegger og tak» Då vil hus visast på profilen. Terrengprofilen kan også skrivast ut. Nøyaktigheita til høgder blir henta frå kartdata og varierer frå +/- 10cm til +/- 1 meter. GårdskartGårdskart viser eigedomsgrenser og areal på landbrukseigedomar. Her kan du sjå kor mykje av eigedomen som er dyrka jord, beite, skog og anna areal.Gårdskart Sist endra 03.07.2026 13:18