Betaling av kommunale avgifter

To gonger i året kjem det ein faktura frå kommunen til deg som eig ein eigedom i Hå. 

På denne sida finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fakturaen du har fått.

Sjå dine fakturaer og søk om betalingsutsetting her

Betalingsfrist

Kommunale avgifter for vatn og avløp, renovasjon og feiing skal betalast to gonger i året.

Kommunale avgifter: Forfallsdato
Betalingsfrist Periode Innhald
1. april 1. halvår: Januar til juni Faktura fyrste termin inneheld faste avgifter frå januar til juni, i tillegg til oppgjer på det som er betalt på forskot av vatn og kloakk, mot det faktiske forbruket ditt. Du betaler også forskot på det forventa forbruket på vatn og kloakk for fyrste halvår.
1. oktober 2. halvår: Juli til desember Faktura andre termin inneheld faste avgifter frå juli til desember. I tillegg til forskot på det forventa forbruket på vatn og kloakk, for siste halvår.

Prisar

Me tilbyr e-faktura og avtalegiro

  • Me oppfordrar alle til å teikna avtale om e-faktura eller avtalegiro.
  • Avtalegiro og eFaktura er ein avtale mellom deg og banken din. Det går ikkje an for oss å oppretta, endra eller avslutta Avtalegiro eller eFaktura på dine vegne.
  • Du kan finna kopi av fakturaen i nettbanken din. Sjå i postkassen, eller under forfallsregister/avtale betalinger.
  • Ta kontakt med banken din om du treng hjelp.

Les meir om e-faktura og avtalegiro her

Får du rekninga til feil adresse?

Som eigar av ein eigedom har du ansvaret for å betale dei kommunale avgiftene. 

Du kan fylla ut dette skjemaet for å gje beskjed til kommunen dersom rekninga kjem til feil adresse.

Oppdeling av kommunale avgifter

  • Kommunale avgifter vert fakturert to gonger i året. Det er mogleg å dela opp fakturaen i fleire innbetalingar. Kvar termin kan maksimalt delast opp i 6 innbetalingar og må vera betalt innan forfall for påfølgande termin.
  • Oppdeling av fakturaen må avtalast med rekneskapsavdelinga. Dette kan berre gjerast for ein termin av gongen. Send e-post til regnskap@ha.kommune.no eller eventuelt ring til rekneskapsavdelinga (via servicetorget) for å oppretta avtale.
  • Me treng fakturanummer, namn og kundenummer. Når avtalen er inngått, sender kommunen ikkje ut ny faktura. Du må betala i nettbanken med melding til kontonr 3335 07 03506 (det same som står på fakturaen).  Dette må gjerast for kvar enkelt innbetaling som er avtalt med kommunen.  Merk fakturaen med ditt kundenummer. NB! Ikkje bruk KID-nummer.

Er postane på fakturaen vanskelege å forstå?

Kontakt oss

Har du andre spørsmål til fakturaen, eller trur det har skjedd noko feil? Fyll ut skjemaet under, så hjelper me deg så fort me kan.