Det er sakkunnig vurdering frå PPT som gjev retten til plass på ATO. Elevar kan gå på ATO frå første til tiande trinn. Nokon starter frå første trinn av, mens andre elevar kjem seinare i skuleløpet.
Skuletilbodet - opplæring på ATO
Opplæringa på ATO er basert på dei grunnleggjande prinsippa om likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring. Likeverdig opplæring handler om å skapa like moglegheiter for elevane. På ATO viser dette seg, blant anna i at me legg vekt på tilnærma lik fag- og timefordeling som eleven sitt årstrinn. På denne måten sikrar me variasjon i opplæringa og at elevane får erfaring med mange aspekt av livet. Vidare vert elevane undervist av lærar, med miljøpersonell som støtte i undervisninga. Elevane vert undervist i grupper for å sikre inkluderande opplæring. Gruppene er delt inn etter alder, slik at elevane opplever å læra og vera saman med jamaldra. Dersom elevar har utbytte av det, er dei med årstrinnet sitt i ordinær skule i passande opplæringssituasjonar og aktivitetar.
Tilpassa opplæring er å gje god og forsvarleg opplæring utfrå elevane sine forutsetningar og behov. Her speler eleven sin individuelle opplæringsplan (IOP) ei viktig rolle. Elevane har alle ulike behov og funksjonsnivåa varierer. På ATO legg me vekt på at elevane skal få den opplæringa dei har behov for, på same tid som me må ivareta læring i fellesskap, saman med andre. Fleire elevar har behov for eit såkalla alternativt innhald i opplæringa, som til dømes motorisk trening, øving i aktivitetar i dagleglivet (ADL), kommunikasjon og sosial kompetanse. Me legg vekt på eit heilheitleg syn på læring, der det alternativet innhaldet får ein naturleg plass inn i faginnlæringa.
Organisering
Elevane får undervisning primært i aldersinndelte grupper på tre til seks elevar. Nokre elevar har eineundervisning i deler av faga. Det er lærar som har ansvar for undervisning i fag. Vidare har elevane 1-1 med miljøpersonell, som støtte i undervisninga. Miljøpersonell består av miljøterapeuter (3-årig høgskuleutdanna) og fagarbeidarar (fagbrev). Miljøterapeuter har ansvar for det alternative innhaldet i opplæringa, som blant anna oppfølging av fysioterapi, tilrettelegging av hjelpemiddel og psykososiale behov.
Elevane et i kantina saman med resten av skulen og deltek på fellesarrangement. ATO har eigen SFO, med same miljøpersonell som i skuledagen.
Trygt og godt skulemiljø
Me er opptatt av elevane skal ha ein god og trygg skulekvardag. Ein viktig del av skuletilbodet handlar om positiv atferdsstøtte. Gjennom rammeverket SPELL (Julie Beadle-Brown 2017) arbeider me for å leggja til rette for elevane. SPELL handler om å skape gode strukturar og å møta elevane med positive tilnærmingar og forventningar. Vidare handlar det om å møte elevane med empati og forstå verden frå deira ståstad. Me må også sørgje for låg oppøsing ved å redusera stress og konfrontasjonar for elevane. Til sist handler SPELL om å skape gode samarbeid rundt den enkelte eleven og deira behov.
S - struktur og forutsigbarheit
P - positive tilnærmingar og forventningar
E - empati
L - låg oppøsing; redusera stress og konfrontasjonar
L - links; samarbeid