November:
Informasjonsmøte på Tryggheim ungdomsskule. Eit ope informasjonsmøte for alle elevar som har søkt om plass på Tryggheim ungdomsskule og for alle elevar som lurer på om Tryggheim ungdomsskule kan vera noko for dei. I lag med elevane møter og føresette. På dette møtet stiller heile elevrådet + vararepresentantane til elevrådet i tillegg til leiar, inspektør 1 og 2.
Desember:
1.desember er søknadsfrist for komande skuleår. Brev om kven som har kome inn på skulen blir sendt ut i løpet av den fyrste veka i desember.
April:
I april er det møte for alle som har kome inn på skulen. Elevane + foreldre / føresette får då møta personalet som skal arbeida på 8.trinn og dei andre elevane som har takka ja til skuleplass. Skulen gir då informasjon om mellom anna språkfag / arbeidslivsfag, valfag, karakterar, orden, åtferd og skyss.
Mai - overgangssamtalar:
Lærarane på Tryggheim ungdomsskule kjem til barneskulane for å ha overgangssamtalar med elevar og lærarane på barneskulen i løpet av mai. Me ynskjer at elevane er førebudde og sender difor ut eit skjema dei kan fylle ut i lag med føresette før overgangssamtalen. Det er og viktig at føresette tek kontakt i denne perioden om det er særskilte omsyn dei ynskjer skulen skal ta.
NB! Eiga innkalling til dei ulike aktivitetane kjem når me har dato klar. Har de spørsmål i samband med overgangen, er det berre å ta kontakt med Tryggheim ungdomsskule.