- Vis at du er interessert i barna sin skulegang. Følg opp dagleg med spørsmål om kva dei gjer på skulen, kva som har skjedd i dag, kva dei har lært osv.
- Hjelp til med leksearbeidet - også når du føler at du ikkje forstår alt dei driv med på skulen. Berre det at du viser interesse hjelper. Kom gjerne med forslag til korleis dei kan løyse oppgåver når dei arbeider med leksene. Sit saman med barna når dei gjer leksene.
- Ikkje nedprioriter lekser på grunn av organisert idrett, leik med vener eller andre aktivitetar. Gjer det til ein fast regel at leksene alltid skal fullførast før barna går på fotball, turn eller anna. Då forstår barna at skulen er det viktigaste i kvardagen deira.
- Ikkje ta ungane ut av skulen for å reise på ferie. Legg ferieturane til periodar der det er skulefri.
- Snakk positivt om skulen og lærarane. Viser du at skulegang er viktig, vil haldningane smitte over på barna.
- Engasjer deg i aktivitetar på skulen. Sørg for at du bidreg til å skape eit godt nettverk med både lærarar og andre foreldre. Då vil barnet ditt trivast betre på skulen. Barn som trivest, presterer betre på skulen.
- Gjer kva du kan for at barnet ditt skal få vener. Det kan hjelpe viss de foreldre vert betre kjent med kvarandre, kanskje kan du invitere andre foreldre og barn i klassen heim? Hugs at barn som har vener vert meir motivert til å gå på skulen.
- Snakk med barna om forventningar til skulegangen. Kva vil dei ha ut av skulen - og kva gjer dei for å oppnå dette? Korleis prioriterer dei tida si?
- Vert einig med skulen og læraren om kor mykje tid barn skal bruke på leksene. Dei bør også ha tid til å drive med fritidsaktivitetar.
(Kjelder: Thomas Nordahl, Peder Haug, Håvard Tjora)