Å vere foreldrekontakt vil seie å vere tillitsvalt for dei foreldra som har ungar i same
gruppe/trinn. Du er altså eit valt bindeledd mellom foreldra og skulen.
- Du held god kontakt med lærarar på trinnet, og delegerer oppgåver og involverer andre i samarbeidet. For eksempel ved overnatting, turar, kaffi, kaker, køyring og liknande.
- Du informerer nye foreldrekontaktar om arbeidet som er gjort, og kva som eventuelt må følgjast opp.
- Alle trinn har ei Facebookside til kullet. Det er foreldra som opprettar denne, og legg til lærarane. Lærar gjer beskjed når det er nye foreldre, og foreldrekontaktane må passe på at dei vert lagt til i gruppa.
- Foreldrekontaktane bør snakkast etter foreldremøte for å klargjere ulike saker som for eksempel sosiale arrangement eller liknande.
- Samarbeide med kontaktlærarane om innhald og struktur på foreldremøte om våren.
Sosiale arrangement
Elevane på eit trinn er ei sosial eining. For at desse elevane skal føle eit samhald,
kan det vere fint med nokre sosiale arrangement. Derfor ønskjer me at alle trinna
arrangerer minst ei sosial samling pr skuleår.
Forslag til noko sosialt kan vere:
- natt-turnering
- spelekveld
- bingo
- karneval
- quiz-kveld
- sommeravslutning med grilling
- krabbing ved sjøen
- aktivitetskveld med for eks. fotballkampar / ungar mot foreldre
- fotballturnering i gymsal
- halloween-fest
- diskotek
Gåver
Det vert oppfordra til å ikkje gje gåver til lærarar ved overgangar eller skifter, inkludert
avslutning på 7.trinn. FAU føreslår heller kake/fruktfat til alle elevar/vaksne på trinnet.
Pengar etter 17. mai - til 7.trinn
FAU på Bø skule har dei siste åra gitt kr 225,- pr elev i 7.klasse. Dette kan for
eksempel brukast til avslutninga før sommaren og/eller ei tilstelning/overnatting på
hausten. Summen er sett slik for at alle skal kunne få likt kvart år, sjølv om det skulle
kome mindre pengar inn på 17. mai.
Foreldremøte om våren
- Kontaktlærarane på trinnet kallar inn til samarbeidsmøte i forkant. Her vert ein einige om innhald og struktur på foreldremøte.
- Innhald vil variere alt etter årstrinn. Det kan for eksempel vere fødselsdagar, TVog dataspel, sosiale medier, mobiltelefon, ”alle andre får lov”, kjøpepress, mobbing, trivsel, åtferd, grensesetting, reglar og normer, pubertet, ungdom osv.
Val av foreldrekontakt og FAU-representant
- Val av foreldrekontakt skal skje på foreldremøte om våren.
- Det skal vere ein foreldrekontakt og ein vararepresentant pr basisgruppe, eventuelt antal representantar som basisgrupper.
- På 1.trinn vel ein foreldrekontaktar og vararepresentantar. Året etter vert fjorårets vararepresentant foreldrekontakt, og nye vararepresentantar vert valt. Det vil seie at ein vel foreldrekontakt og vararepresentant på 1.trinn, medan ein vel berre vararepresentantar på 2.-7.trinn.
- Foreldrekontaktane har ansvar for å gjennomføre valet. Dei bør ha vore i kontakt med aktuelle representantar på førehand.
- Val av FAU-representant. Det vert valt ein representant og ein vararepresentant på 1., 3., 5. og 7.trinn. Alle sit i 2 år utanom representant frå 7.trinn.