Påmelding til kantine
Me sender ut påmeldingsskjema til 1. trinn før skulestart. Abonnementet varer ut 7. trinn dersom det ikkje blir meldt inn endringar. For å endre på tilbodet må du senda epost til skulen: post.bo.skule@ha.kommune.no
Det er mogleg å endre på tilbodet før sommarferien for hausten, og før jul for våren.
Pris på kantinemat:
Mat kr 16,- pr dag
Melk kr 6,- pr dag
Frukt kr 3,50,- pr dag
Det vert sendt ut rekning to gonger i året.
Dagsrytme
1.-2.trinn sluttar kl. 10.45 tysdag og torsdag, kl. 13.55 måndag, onsdag og fredag.
3.-7.trinn sluttar kl. 10.45 tysdag, kl. 13.55 måndag, onsdag, torsdag og fredag.
1.økt: 08.15-09.20
2.økt: 09.35-10.45
Matpause
3.økt: 11.30-12.35
4.økt: 12.50-13.55
Det er fokus på eit sunt og næringsrikt måltid. Kvar dag vert det servert brød og knekkebrød med eit variert utval av pålegg. Det varierer mellom kokt skinke, servelat, ost, vanleg leverpostei, kyllingpostei, makrell i tomat, egg, fiskepudding, salami, fårepølse, kylling- og kalkunpålegg, kaviar, smøreost, majones. Det er alltid grønsaker som agurk, tomat og paprika. Brunost og syltetøy er det på fredagar.
Kvar onsdag er det varm mat. Til nå har me hatt pølselapskaus, fiskekaker med potetmos og salat, fiskeburger i brød med salat, tomatsuppe med fullkornmakaroni og egg, havregraut, risgraut, salatbar, pastasalat og taco.
Ein kan drikke vatn til måltidet, eller bestille mjølk. Elevar som har frukt, vil få dette utdelt i det siste friminuttet. Alle ungane et i kantina, enten dei har
kantineabonnement eller eigen matboks.