Kontaktlærar skal følgje opp kvar enkelt elev i høve læring og utvikling. Kvar veke har kontaktlærar avsett tid til elevsamtalar der ein kan drøfte trivsel og tilpassa opplæring. I tillegg er utviklingssamtalen med heimen viktig. Her kan både lærar, elev og føresette få uttale seg.
Kontaktlærar kallar inn til samtalar. For dei elevane der mor og far ikkje bur i lag, vert det sendt innkalling til den av dei føresette kor eleven har bustadadresse. Det er berre føresette som kan delta på desse samtalane. Dersom andre skal delta, t.d. stemor eller stefar, må skulen ha skriftleg samtykke frå begge føresette.
Trivsel og fagleg utvikling vil vere sentrale emne i denne samtalen. Det vert på førehand sendt ut meir konkrete punkter om kva samtalen skal handle om slik at ein kan førebu seg heime saman med eleven. Samtalen skal munne ut i mål som eleven skal arbeide med framover.
Bø skule satsar på lesing. For å støtte elevane i å utvikle leseferdigheitene sine, har me teke timar frå ulike fag og oppretta eit nytt fag som berre heiter "lesing i alle fag". Her øver elevane på leseforståing og lesestrategiar.
Elevane vil bli vurdert i faget lesing ut frå eigne kriterium. Desse kriteria er basert på Utdanningsdirektoratet si skildring av lesing som grunnleggjande ferdigheit, men dei er omarbeidde slik at dei passar endå betre til vår skule. Kriteria finn du i menyen til høgre.
Sist endra 27.10.2023 10.24