Handlingsplan mot mobbing
Skulen, og dei tilsette i skulen, har tydelege plikter og omfattande ansvar for å sikre alle elevar eit trygt og godt skulemiljø.
Arbeidet med å førebygge mobbing krev engasjement og deltaking frå alle tilsette, elevar og foreldre. På tryggskule.no finst det nettressursar som er ein del av det systematiske arbeidet med å førebygge og handtere mobbing og krenkingar i Jærskulen:
Her finn du informasjon om handtering av krenkingar og mobbing.
Aktivitetsplikt
1.august 2017 kom ny lovendring om aktivitetsplikt. Udir har laga god oversikt over kva ansvar skulen har når barn opplever at dei ikkje har det godt på skulen
Du finn lenke til oversikta her.
Aktivitetsplikta vil seie at skulane skal:
- Følgje med
- Gripe inn
- Varsle
- Undersøke saka
- Lage ein plan for kva som skal gjerast
- Dokumentere kva som er gjort
Faste årlege tiltak:
- Gjennomgang av §9A «Elevane sitt skulemiljø» for alle tilsette på plandagane, og for elevar ved oppstart av nytt skuleår.
- Foreldremøte haust på alle trinn gjennomgang av nettsida www.tryggskole.no. ATO informerer føresette enten på foreldremøte eller i eige informasjonsskriv.
- Følgje med jamleg: tilsyn i friminutt, i timane, elevsamtale, utviklingssamtale, elevundersøking haust og ikkje-anonym mobbeundersøking vår.
- Jamlege møter i elevråd, FAU, SU og SMU.
Sist endra 06.03.2023 13.20