Viktig melding

Lukk meldinga

Forskrift om skulereglar i Hå kommune

Utval for oppvekst og kultur har 17.01.2024 godkjend endringar og oppdateringar forskrift om skulereglar i Hå kommune. Forskrifta er i hovudsak ei vidareføring av kommunal forskrift om ordensreglar frå 01.08.2021.  

I Hå kommune sitt delegasjonsreglement er forskrift om skulereglar delegert til Utval for oppvekst og kultur. 

Utval for opplæring og kultur vedtok 24.02.2021 ny forskrift om ordensreglement i skulane med heimel i Lov om grunnskole og den vidaregåande opplæringa 17. juli 1998 nr. 61 (opplæringslova) § 9A-10 og § 9A-11. Avgjerslene i opplæringslova §§ 9 A-10 og 9 A-11 er i dag oppheva, og innhaldet er vidareført i opplæringslova § 10-7. Skolereglar 

Ordlyden i kommunal forskrift om skulereglar i Hå kommune er endra frå og med 01.08.2024, i samsvar med ny opplæringslov og forskrift.

§ 1 Føremål  

Skulereglar skal bidra til eit godt og trygt skulemiljø for elevane. Dei skal gje rammer for åtferd knytt til sikkerheit, miljø og undervisning. 

Skulereglane skal regulera elevane sine rettar og plikter på skulen, så lenge dette ikkje er fastsett i lov eller på annan måte. 

§ 2 Verkeområde  

Den kommunale forskrifta om skulereglar gjeld alle grunnskulane i Hå kommune. Skulane skal ikkje vedta eigne skulereglar, men kan ved behov konkretisera dei. Konkretiseringane skal då samsvare med dei kommunale reglane. 

Skulereglane gjeld i skuletida, det vil seie i den tida barna/ungdommane er elevar. Dei er elevar både i timar, i friminutt og på skuleturar. 

Det som skjer i digitale rom er og omfatta av skulereglane. 

SFO og leksehjelp er ikkje ein del av skuletida, og er ikkje omfatta av skulereglane. 

Skulevegen og gratis skuleskyss er så tett knytt til skulegangen at elevane si åtferd kan regulerast av skulereglane. 

Elevane si åtferd på fritida kan me ikkje regulera i skulereglane. Skulen kan til dømes difor ikkje krevja at eleven legg igjen mobiltelefonen heime, sidan det i mange tilfelle vil gå ut over eleven si fritid. 

Når det gjeld mobbing og andre krenkingar vil grensa mellom skule og fritid kunne viskast ut og skulen kan gjennomføra tiltak. 

§ 3 Orden  

Orden heng saman med om eleven er punktleg, førebudd og har gode arbeidsvanar og arbeidsinnsats. Elevane skal ha god orden. Det er god orden å:

  • møta presis på skulen og til undervisninga
  • ha skulesakene i orden
  • ha med naudsynte læremiddel og utstyr
  • gjera arbeid han/ho vert pålagt så godt som mogleg og til rett tid 

§ 4 Åtferd

Åtferd heng saman med om elevane viser omsyn og respekt for andre. Elevane skal ha god åtferd. Det er god åtferd å:

  • vera hyggelege og høflege mot kvarandre - ikkje forstyrra læringa for seg sjølv og andre
  • ikkje banna eller bruka anna grovt språk
  • respektera kvarandre og ikkje mobba eller på andre måtar krenka kvarandre fysisk, verbalt eller digitalt
  • spør andre om det er greitt før du fotograferer, filmar eller gjer lydopptak av dei. Det er ikkje tillat å ta bilete, film eller lydopptak av nokon som er under 13 år, utanom i undervisningssamanheng
  • spør andre om det er greitt før du publiserer bilete, film eller lydopptak av dei. Det er ikkje tillat å publisere bilete, film eller lydopptak av nokon som er under 13 år, utanom i undervisningssamanheng. Du bør generelt vera særs varsam med å publisere slikt materiale
  • bruka kommunen sitt datautstyr og digitale løysingar berre til skulearbeid
  • ikkje bruka mobiltelefon og anna privat utstyr i skuletida. Skulane i Hå skal vera mobilfrie, og dersom anna ikkje er avtalt med skulen, skal ikkje elevane bruka mobiltelefon eller anna privat utstyr.
  • ikkje vera valdeleg eller koma med trugslar
  • visa respekt for skulen og andre sine eigedelar
  • ikkje røyka sigarettar eller el-sigarett, snusa eller vera påverka av rusmiddel
  • ikkje ha med farlege gjenstandar, som t.d. fyrverkeri eller våpen på skulen sitt område
  • ikkje fuska eller prøva å fuska på prøvar eller innleveringar
  • vera på skulen og delta i undervisninga heile skuledagen
  • ikkje bruke hovudplagg som dekkjer store deler av andletet. Religiøse hovudplagg som til dømes hijab eller turban er heilt i orden. - ferdast trygt i trafikken. Det er foreldre/føresette som avgjer om du får sykla til skulen eller ikkje

Nedsett karakter i orden eller åtferd er ikkje eit tiltak i skulereglane. Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd er likevel i kva grad eleven følger desse reglane , jf. forskrift til opplæringslova § 9-2. Skulen kan ikkje setja ned karakteren i orden eller åtferd dersom forholdet ikkje er regulert i skulereglane. Dette betyr og at skulen skal registrera elevane sine brot på skulereglane for å dokumentera karakterane i orden og åtferd. Sjølve registreringa blir ikkje rekna som eit tiltak. 

§ 5 Tiltak  

I følgje opplæringslova § 10-7. Skolereglar kan kommunen angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skulereglane, og korleis slike saker skal behandlast. Tiltaka skal ikkje innebera fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før skulen avgjer tiltak, har eleven rett til å forklara seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Alle reaksjonar skal stå i forhold til kor alvorleg brotet på skulereglane er. Ved regelbrot kan skulane i Hå bruka følgjande tiltak: 

  • Tilsnakk til eleven
  • Lærar, avdelingsleiar eller rektor kontaktar føresette munnleg
  • Skriftleg melding til føresette frå lærar, avdelingsleiar eller rektor
  • Møte mellom elev og lærar eller rektor
  • Møte mellom skule, elev og foreldre/føresette
  • Inndraging av gjenstandar. Lærar kan etter ein varsel inndra gjenstandar som er forstyrrande for undervisning, ro og orden. Inndraginga skal vera kortvarig, men nokre gonger kan inndraging for ein heil dag vera naudsynt. Ulovlege gjenstandar og ulovlege rusmiddel, som t.d. våpen, fyrverkeri og narkotika, skal skulen inndra utan varsel og overlata til politiet. 
  • Opprydding eller utbetring av skadar. Skadeerstatningslova gjeld ved hærverk eller viss eleven har vore uaktsam, men lærar eller rektor kan i tillegg påleggja eleven å rydda opp eller utbetra skade viss det er mogleg
  • Bortvising. Rektor kan visa eleven bort i samsvar med opplæringslova § 13.1

§ 6 Saksbehandling

Skulen og skuleeigar skal halda seg til dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningslova når det gjeld forskrifter, vedtak eller enkeltvedtak. Forholdet mellom forvaltninga (skulen) og borgarane (elevane), grensene til forvaltninga, er trekte opp i dei forvaltningsrettslege prinsippa:

  • Grunnlova §13 seier at styresmaktene sine inngrep overfor den enkelte må ha grunnlag i lov. Skulen kan difor kun gripa inn og gjera vedtak overfor eleven i samsvar med ordensreglementet eller andre lovar.  
  • Før inngripen og vedtak skal saka greiast ut forsvarleg og innan rimeleg tid. Det vil vera god forvaltningsskikk å høyra eleven før skulen sanksjonerer. Eleven har rett til å forklara seg munnleg, og forsvara eigne rettar og interesser.  
  • Prinsippet om nøytralitet og saklegheit skal sikra elevane likskap for lova. Det er forbod mot forskjellsbehandling og grov urimelegheit.
  • Inngrep i ein person sine rettar og interesser skal ikkje gå lengre enn nødvendig. Skulen skal vurdera om til dømes inngrepet er eigna til å nå lova/ordensregelen sitt mål? Er inngrepet nødvendig i dette konkrete tilfellet? Kan me nå målet på annan måte? Skulen skal vega ulemper mot fordeler 

Enkeltvedtak eller ikkje? 

Dei mest alvorlege tiltaka ved brot på skulereglane vil vera så bestemmande for elevane sine rettar eller plikter at skulen må fatta enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, noko som vil krevja skriftlegheit, grunngjeving og klagerett. Rektor si bortvising av ein elev frå skulen vil til dømes krevja eit enkeltvedtak. Avgjersle om bortvising av ein elev for opptil to klokketimar skal ikkje reknast som eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2.

§ 7 Rettskraft  

Forskrifta om ordensreglement i skulane i Hå vedteke av Utval for opplæring 24.02.2021 er gjeldande frå og med 01.08.2021 og erstattar forskrifta som vart vedteken av i Hovudutvalet for opplæring 21.02.2001. 

Presiseringar som gjeld ungdomsskulane

  • å ikkje forstyrra læringa for seg sjølv og andre, tyder blant anna å følgja HMS-reglane som finns ved alternativ opplæringsarena og bruka nødvendig verneutstyr
  • å bruka kommunen sitt datautstyr og digitale løysingar berre til skulearbeid, tyder og at datautstyret som kommunen låner av alternativ opplæringsarena skal elevane berre bruka til skulearbeid