Viktig melding

Lukk meldinga

Tilrettelagt fritid

Aktivitetstilbod til Håbuar med nedsett funksjonsevne.

A-laget og Vennegruppa 

Tilrettelagde fritidstilbod for unge som bur i Hå. Tilboda er for deg som treng fritidsaktivitet i ei lita gruppe med tett oppfølging. Det er minst to leiarar på begge gruppene. Deltakartalet er avgrensa. Me tilbyr som regel eit lett måltid når aktiviteten startar.  

A-laget

  • Frå 5. til og med 10. trinn tysdagar kl. 1430. 
  • A-laget lagar mat, dreg på turar, og kan drive med ballspel, musikk, basseng og mykje anna spennande.
  • Møt opp ved Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø.

Vennegruppa

  • Frå 10. klasse og ut vidaregåande, torsdagar kl. 1500. 
  • Vennegruppa bruker kulturtorget, spelar kort og andre spel, reiser på tur, bowlar, mm.
  • Møt opp ved Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø.
  • Deltakaravgift for våren: kr. 900,-.
  • Utgifter som inngangspengar kan koma i tillegg.
  • For meir informasjon ta kontakt på mob. 47 65 11 90.
  • Søknadsfrist: 31. mai

Her finn du meir informasjon om A-laget og Vennegruppa (PDF, 491 kB)

Søknadskjema A-laget og Vennegruppa (PDF, 826 kB)

Prosjekt kunst - og kulturuttrykk

Du mellom 14 og 25 år som er glad i å skape noko – forme, teikne, male eller likar å danse fritt eller likar å skrive:
Jærkommunane startar nytt prosjekt i 1900-huset på Bryne.

Her finn du meir informasjon om tilbodet og om påmelding.

Open klubb for unge vaksne

  • Måndag i partalveker kl 1830 til 2030.  Hå kulturtorg.
  • Godt drøs, litt aktivitet og minikiosk, frå 5. september av.
  • For deg under 30 som klarer deg så toleg godt sjølv.        
  • For meir informasjon ta kontakt på mob. 47 65 11 90.

Kulturkafe

Kulturkafe for vaksne på Hå kulturtorg, Nærbø kvar torsdag og ein måndag kvar månad, kl. 18.30.

Unikt Teater

  • Interkommunal teaterverkstad på Klepp for unge og vaksne med utviklingshemming.
  • Gruppa vert driven i samarbeid mellom Time, Gjesdal, Klepp og Hå.

Hå Kulturskule 

Kulturskulen tilbyr tilrettelagt undervisning, mellom anna i musikk og visuelle kunstfag.

Her finn du informasjon om kulturskulen sine tilbod

Andre tilbod

Bowling, sommaraktivitetar og temakveldar for foreldre og støttekontaktar.

Følgekort

Har du ei funksjonshemming som gjer at du treng følge for å delta på kulturaktivitetar, kan du søke om følgekort / ledsagerbevis.

*Lenke til søknadsskjema kjem her ganske snart*

Ungdomsklubb

For alle frå 8. klasse. 

  • Loen ungdomsklubb,  Nærbø – onsdag kl. 17.00 - 21.00.

Les meir om Loen ungdomsklubb her

  • Lensmannsløa ungdomsklubb, Varhaug – tysdag kl. 14.00 – 20.00.

Les meir om Lensmanssløa ungdomsklubb her

  • Ogna ungdomsklubb – torsdag kl. 14.30 – 20.30.

Les meir om Ogna ungdomsklubb her

Lag og organisasjoner

Lag og organisasjoner gir mange tilbod til barn og unge. Hå kulturtorg tilbyr oppfølging til deg som vil delta i t.d. idrettslag, ungdomslag, 4H, speidar, korps mm. 

Tilskot

Organisasjonar som har rett til tilskot kan søke støtte til meirutgifter til inkludering på nærare vilkår. Her finn du opplysningar om tilskotsordninga.

Kontaktinformasjon

Kulturtorget, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Telefon: 47 65 11 90
E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no

Kartpunkt